Intervju

Den andre jobben til Heidi Furre

Kun dei færraste kan leve av å vere forfattar. Så kva gjer dei då, dei som skriv?

Publisert digitalt

Vi kan jo byrje med ein liten CV. Kva jobbar har du hatt fram til no?

Eg fekk min første jobb som sekstenåring. Då var eg telefonselgar og solgte kryssordabonnement. Tjente seksti kroner i timen og lærte meg å drikke kaffi . Ved sidan av studier jobba eg på sjukeheim, i barnehage og i fotobutikk. Etter studier flytta eg til Paris og hadde mange rare strøjobbar der. Jobba på kafé, i vintagebutikk og som fotoassistent. Kvar fredag fulgte eg ein liten gutt til psykologen hans, satt på venterommet og leste franske Se&Hør og fulgte han heim att. Eg flytta til Oslo i 2010, då var eg vikar i barnehage medan eg fekk fleire og fleire fotooppdrag. Samtidig begynte eg å skrive Parissyndromet. Og sidan har eg fotografert og skrive på fulltid.

Kan du fortelje litt om kven og kva du tek foto av?

Eg fotograferar bryllup, nyfødte babyar, bedrifter, forfattarar, artistar og diverse folk. Det fins eit hav av menneske som treng å få tatt bildet sitt, det stoppar liksom aldri. Det beste med jobben er når eg får følge folk over lengre tid. Kanskje eg først er fotograf i bryllupet deira, seinare får eg ta bilder av det første barnet, så barnet som 1-åring, så det andre barnet, så familiebilder. Eg får møte folk i ganske sårbare situasjonar, berre få dagar etter ein fødsel for eksempel. Ofte kan eg ta meg sjølv i å tenke på kundar eg har hatt for fleire år sidan, lure på korleis dei har det, korleis det gjekk til slutt.

Eg syns det er fint når eg får moglegheita til å reise, eller få tilgang til plassar eg vanligvis ikkje ville fått. Ein gong fekk eg ta bilder inne i Coco Chanels leilighet i rue Cambon i Paris. Den er bevart akkurat slik ho innreda den. Men til gjengjeld vart ikkje bildene spesielt bra, det var så veldig mørkt der. Sånne ting er vanskelig, når det ikkje blir bra. Eller når eg bruker heile dagar på å organisere, administrere og ordne kjedelege praktiske ting.

Har enkelte av fotojobbane dine inspirert noko du har skrive?

Ikkje direkte, men eg tenker ofte i bilder når eg skal skrive. Eg har vel aldri skrive noko uten å vite kva slags lysforhold karakterane befinn seg i.

Korleis deler du arbeidstida mellom skriving og fotografering?

Ofte må eg nedprioritere skriving, mest på grunn av økonomi. Eg kan ikkje takke nei til saftige oppdrag som kjem inn, sjølv om dei havnar på skrivedagar. Men eg må ha eit par skrivedagar kvar veke, hvis ikkje mistar eg kontinuiteten. Andre dagar noterar eg ting på lappar og i telefonen. Å skrive på kollektivtransport fungerar fint. Men for det meste er eg på Nationalbiblioteket, der får eg konsentrert meg best.

Har du heimekontor òg?

Akkurat no har eg eit lite hjørne i stova som er mitt. Eg blir litt sprø av det, men utsikta er fin. I skrivande stund ligg det masse puslespelbrikker og barneteikningar på pulten min. Antar at det er rettferdig, sidan eg brukar rommet til dotter mi til å oppbevare fotoutstyr. Er sånn delvis på husjakt, i så fall er planen å innrede eit eige kontor i det eventuelle huset. Om det ikkje blir slik, må eg leige eit lite kontor ein plass. Mitt einaste krav er at rommet skal ha vindauge og at eg kan sitje åleine. Eit eget rom, som det heiter.

Om ein framand person spør deg kva du jobbar med, kva svarer du då?

Eg trur eg seier fotograf og forfattar. Men eg tenker på foto som yrket mitt, skriving som noko litt friare.

Om vi ser bort frå skrivinga og fotograferinga, har du noko anna du gjerne skulle ha jobba med?

Det må være ein jobb der ein innimellom møter litt folk. Det trur eg er sunt. Kan fort bli litt tendensar til gal kunstnar i kjortel etter nokre dagar i Word. Men yrker eg har drømt om tidlegare i livet er arkeolog, meteorolog og marinbiolog.

Arkeolog, meteorolog og marinbiolog – ikkje verst! Har du ein funfact frå kvart av fagfelta?

Absolutt ikkje! Eg veit ingenting, litt av greia er å drømme seg bort i heilt andre liv. Eg gjer nesten alltid det når eg møter nokon som har eit yrke som er langt frå mitt eige. 

Powered by Labrador CMS