Skandinavisk antropi. Danmark.

Kva gjorde vi med integriteten?

Når er det eigentleg verd å følgje lesetrendar?

Petrarca og Laura
Publisert

Eg prøver, så vidt mogeleg, ikkje å følgje trendar, men må innsjå at det for det meste er ein kamp som ikkje går særleg godt. I skrivande stund sit eg blant dei grøne plantane mine, med utsikt til kjøkkenbenken der surdeigsstrartaren min står og ventar på å bli fornya, drikk oransjevin og les, til og med med stor entusiasme, Jaqueline Harpman sin Jeg som aldrig har kendt mænd. Romanen er god, han, men eg veit òg at eg aldri hadde prioritert han over dei hundrevis av bøkene som opp igjennom åra har hopa seg opp på to be read-lista mi, viss det ikkje var for den bølgja av mediemerksemd han fekk her i Danmark for eit par månadar sidan, og viss det ikkje var for at eg dermed kunne delta i smalltalken på jobb fram til neste trend skulle lande – i alle fall i høgare grad enn eg vil vere i stand til viss det framleis var Petrarca sine sonetter eg tygga meg gjennom. Dei har eg sett på pause på ubestemt tid.

Viss eg på nokon måte kan kalle meg kontrær i valet av lesestoff, må det ha samanheng med at eg er for seint ute: Eg skulle ha lese Harpman sin roman seinast i desember, då den nokså vedhaldande trendbølgja var ved å byggje seg opp. Eg gav etter for presset ein stad på vegen. Og det å ha hoppa på the band wagon akkurat i siste liten, er på ein måte meir skamfullt enn viss eg berre hadde halda fast i Petrarca. Berre gitt faen og stirra langt bakover i litteraturhistoria.

Men når eg no likevel skulle bli ein som let meg diktere av lesetrendar frå tid til anna, spør eg meg sjølv om kvifor eg ikkje oftare ender opp med ein dansk roman mellom nevane. Danskspråkleg musikk nyt valdsam opptur – eg kan nemne flust av danske plater berre frå i fjor som spreidde seg fortare enn skabb. Til samanlikning er det lenge sidan ei dansk skjønnlitterær utgiving braut gjennom lydmuren og faktisk skapte rørsler utanfor den vesle andedammen dansk litteratur av og til må seiast å vere. Den siste eg kan komme i tanke om, er Glenn Bech sin Jeg anerkender ikke længere jeres autoritet, som over eit halvt års tid nådde opp på 50.000 solgte eksemplar. Det er mykje for ei diktbok.

Bech har uttalt at han var redd for at boka skulle hamne på den kjipe hylla i bokhandelen, og det eg såg på som poetiske kvalitetar i dikta da eg las dei for nokre år sidan, og som eg meiner faktisk også legitimerte deira veren i verda som dikt, spilte berre ei mikroskopisk rolle i debatten som boka løyste ut. Ingen gidd vel å snakke om hermetisk poesi – det er ikkje sexy nok! Nei, Bech blei omgjort til Jesus frå Herning; ein langhåra, homoseksuell arbeidarklassefyr med mastergrad i psykologi, som ikkje kunne passe inn verken der han kom frå eller i det miljøet han hadde arbeidd seg opp i.

Det høyrer kanskje til sjeldanheitene at ei bok går rett heim hos den breie offentlegheita berre på grunn av litterære kvalitetar. Og eigentleg er det jo ikkje det Jaqueline Harpman si bok har gjort heller. Her i Danmark trur eg at ho primært blir lese i København og Århus. Litteraturen er, og dette er meg heilt uforståeleg, tilsynelatande eit meir snevert felt enn musikken er. For å parafrasere Bob Dylan – I’m more of a reading and writing kind of guy. På den måten heng eg vel framleis godt fast på ein slags kontrær knagg. Men gud som eg skulle ønske at feltet blei sprengt noko oftare.

Powered by Labrador CMS