Essay

Kunsten å samarbeide

Litterære tekstar flest er resultatet av samarbeid. Det er på tide å anerkjenne at samarbeid om skriving, synleg så vel som usynleg, har verdi.

Publisert digitalt

Mange trur at eg og andre skrivande folk likar best å jobbe aleine. No skal eg ikkje påstå at eg mislikar det, langt ifrå. Og ein del av arbeidet mitt er rett nok litt einsamt, utan at det plagar meg nemneverdig. Men det er ikkje slik at all skriving er einsamt arbeid per definisjon, slik enkelte verkar å tru. Og dessutan hadde kanskje fleire skrivande jobba saman, om det berre lønte seg.

Saman skriv ein mindre aleine

Ein sit kanskje ofte aleine, det er sant. Likevel, når eg i skrivande stund – ja, eg sit her for meg sjølv – ser tilbake på dei seinaste skriveprosjekta mine, er det berre eitt av dei eg har vore (relativt) aleine om. Desse samarbeidsprosjekta er svært ulike med tanke på form, innhald og metode, og også med tanke på kva relasjon eg har til den eller dei eg samarbeider med. I rekka av nyare samarbeidsprosjekt står éin akademisk artikkel, to kronikkar og tre gjendiktingar (enkeltdikt, delar av ei diktsamling, og ei heil diktsamling). Blant samarbeidspartnarane finst både forskarkollegaer og omsettarkollegaer. Nokre er blant mine aller nærmaste, mens andre er kjenningar som har eg møtt litt her og der. Takka vere verdsveven har eg òg fått samarbeide med nokre som eg aldri har treft.

Samarbeidets meirverdi

Rekka med samarbeidsprosjekt viser seg å innehalde så ulike arbeid som eit dikt gjendikta saman med sambuaren min – som er skodespelar, dramatikar og slampoet, og altså jobbar med tekst like mykje som meg, men stort sett på heilt andre måtar enn det eg gjer – og ein akademisk artikkel forfatta i samarbeid med to forskarar – ei nydisputert som held til i Paris/London og som eg aldri har møtt, og ei ringrev som bur i Ottawa, som eg har møtt eit par–tre gonger. Likevel vil eg fremme påstanden om at alle desse skriveprosjekta har noko felles, og det er dette: Resultatet har blitt noko anna enn det som kvar enkelt av oss kunne fått til å skape på eiga hand.

Denne likskapen finst altså på tvers av dei ulike typane samarbeid, og han oppstår også gjennom ulike effektar av samarbeidet. I hovudet mitt har eg gitt desse effektane merkelappane «synergi» og «supplement». Sistnemnde er kjenneteikna av at dei som inngår i samarbeidet, nyttar seg av sine ulike kompetansar og kunnskapar, og slik utfyller kvarandre i skriveprosessen. Eit eksempel her er den ovannemnde akademiske artikkelen, der vi tar for oss leksikalsk kreativitet i ei norsk bok og i den engelske omsettinga av ho. Sidan eg er den av oss tre som les norsk, var det mi oppgåve å skildre dei språklege verkemidla som er nytta i kjeldeteksten, mens den engelske målteksten vart skildra av ei med engelsk som morsmål. Den tredje av oss skreiv fram det teoretiske rammeverket som vi jobba innom, og som høyrer til det fagfeltet der ho er ei av nestorane.

Ikkje med det sagt at vi heldt oss strengt til denne inndelinga heile vegen. Så snart dei ulike delane var komne på plass i eit førsteutkast, las vi kvarandre sine delar og kom med innspel og forslag. Og likevel heldt dei tre hovuddelande fram med å «høyre til» nettopp den som hadde skrive delen til førsteutkastet.

Synergieffekten er hakket meir interessant, men òg hakket vanskelegare å skildre. Typisk oppstår han i gjendiktingar. Om vi til dømes er to som jobbar med å omsette eitt og same dikt, kan vi starte med at begge omset diktet kvar for seg. Og så les vi kvarandre sine versjonar. Da humrar vi gjerne godt over likskapar og ulikskapar, og blir imponerte over den andre sine gode idéar og løysingar, eller det kan oppstå diskusjonar om ulike tolkingar. Har den eine av oss misforstått? Eller har kanskje begge rett? Vi byrjar snart på ein felles versjon, og om ikkje så lenge korkje ser eller hugsar vi kva som var «mitt» og kva som var «ditt».

Ein metafor for resultatet av synergieffekten kan kanskje vere eit byggverk, der byggesteinane går i eitt med kvarandre; overgangane er blitt usynlege. Kanskje la du ein stein som eg flytta litt på, som igjen minte deg på at du jo har ein litt annleis stein liggande, som kunne passa bra her, men som du ikkje kom på at du hadde før eg flytta på den første du la. Og når bygget er ferdig, hugsar ingen av oss kva steinar som vart lagt når, kor eller av kven. Sagt med ein reknestykkemetafor: Éin pluss éin har blitt tre og ein halv, og det var meir enn vi hadde kunne estimere på førehand.

Samarbeid som løysing på eit problem

«We lay down our arms so we can reach out our arms to one another. We seek harm to none and harmony for all.» Amanda Gorman maner til forsoning og samarbeid med diktet The Hill We Climb som ho resiterte under innsettingsseremonien til USAs president Joe Biden og visepresident Kamala Harris. Framføringa trollbatt dei fleste som følgde med – verda rundt – og diktet vart raskt snappa opp for omsetting til mange språk.

Den påfølgande dagen etter innsettinga fekk den ovannemnde sambuaren førespurnad frå ei riksavis om ikkje ho kunne gjendikte på kort varsel? Det viser seg at pressefolk ikkje har heilt oversikt over forlagsbransjens skikk og bruk eller kva som skal til for å få rettane til eit åndsverk av slike popularitetsdimensjonar.

Ikkje så snart som neste dag, men sanneleg ikkje lenge etter vart det klart at Gyldendal hadde sikra seg rettane, og så småningom var det også klart at dei hadde landa på å nytte forlagets eigen forfattar og omsettar Marjam Idriss. Trass i at det gjekk tilsynelatande knirkefritt å bestemme seg for ein omsettar til den norske utgåva, plukka (for ikkje å seie blåste) pressa opp situasjonen kring Gorman-omsettinga til nederlandsk. Eg mistenker at hendingsgangen – kva som faktisk hadde skjedd, og kven som faktisk hadde meint kva – vart lost in non-translation ganske tidleg, allereie på veg til The Guardian, som med sine stråmenn truleg var kjelda til både norske og andre utanlandske medium si (manglande) forståing av saka.

Kort sagt skjedde det som ofte skjer når ei marginalisert gruppe ikkje kan anna enn å bryte ut: «Hæ? Ikkje ei av oss denne gongen heller?», nemleg at majoritetsfolk blir stressa for at deira plass er truga, og går i angrepsforsvar: «Kvifor skal ikkje vi få lov til å gjere dette?» Dessverre var det berre det siste av desse to utbrota som vart omsett og presentert for norsk offentlegheit. Så i staden for at dette kunne ha opna opp (igjen) samtalen om manglande mangfald i den norske bokbransjen, kom det sedvanlege rop om skummel kanselleringskultur og farane ved identitetspolitikk. Snakk om å miste poenget av syne – og snakk om å ikkje samarbeide om endring til det betre for fleire. (Liknande hjartesukk kan lesast i ein av dei nemnde samarbeidsforfatta kronikkane, som stod på trykk og på nett i Morgenbladet 26. mars 2021).

Enden på den nederlandske visa vart at forlaget melde ifrå om at dei vil sette saman eit team som skal samarbeide om omsettinga. På sett og vis er det ein potensielt sympatisk idé, hadde det vore den første dei kom på. No, etter alt, framstår det som at forlaget framleis ikkje ser nokon einskild melaninrik person som eigna for oppdraget. Det vil truleg dei fleste som reagerte på valet av Marieke Lucas Rijneveld som omsettar, seie seg ueinige i.

Samarbeid genererer ikkje innpass

Også i konteksten av den norske diskusjonen om hendingane i Nederland – der nokre av dei meir interessante ordskifta fann stad på Facebook i staden for i pressa – vart samarbeid nemnd som ein mogleg strategi for å bøte på den overveldande kvitheita som kjenneteiknar bokbransjen vår. Dette kom frå omsettarar, forfattarar og gjendiktarar, slike som står med éin fot innanfor, som kan få ta med seg ein +1 til omsettingsfesten.

Eg har tenkt det sjølv også, at det er ein fin strategi for enkeltindivid som vil bidra til å motarbeide at det er den same, relativt homogene gruppa som står først i køen kvar gong (for ja, no snakkar vi på gruppenivå eit augeblikk, det må vere greitt). Men slik eg ser det, er ikkje dette ei varig løysing per i dag. Her finst nemleg eit par ganske store problem.

Det første problemet er at samarbeidsprosjekt ikkje blir verdsette av sentrale organisasjonar i bransjen. Det betyr til dømes at samarbeidsomsettingar ikkje kvalifiserer som grunnlag for å søke medlemskap i Norsk Oversetterforening (NO), der det, når ein vil søke om medlemskap, heiter at: «Vi gjør oppmerksom på at du som søker må stå alene som oversetter av de verkene du sender inn til vurdering.» Den som samarbeider om omsettingar, har dermed komme omtrent ingen steg nærmare innpass i foreininga som gir medlemmane sine moglegheit til å sette kvalitetsstemplet «MNO» på omsettingane sine – «medlem av Norsk Oversetterforening». Den norske Forfatterforening (DnF), som organiserer ein god del gjendiktarar, har liknande opptakskriterium: Ein kan berre søke medlemskap på bakgrunn av verk ein er einsam opphavsperson til.

I Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) er det rom for samarbeid, for der heiter det at: «For fellesverk skrevet/oversatt av to eller flere personer, hvor den enkeltes bidrag ikke er skilt ut under eget navn, skal omfanget deles likt mellom dem, med mindre det dokumenteres at en annen fordelingsnøkkel er avtalt.» Med andre ord er det anerkjend at ein kan samarbeide og likevel moglegvis vere kvalifisert for medlemskap, men det felles arbeidet blir altså delt beint i to (eller fleire) delar, og dermed tel berre halvparten av resultatet (eller mindre).

Samarbeid genererer ikkje pengar

Det betalar seg heller ikkje økonomisk å samarbeide. Omsettarar som jobbar saman, får ikkje likt betalt som dei som jobbar aleine. Dei får halvparten så mykje, nettopp fordi forlag i slike tilfelle synest å følge same tankegang som NFFO, noko som nok heng saman med at innkjøpsordninga gir forlaga same inntekt uavhengig av talet på arbeidstimar og opphavspersonar. Er ein to om jobben, blir honoraret delt i to, og kvar sit att med halvparten så mykje som ein hadde fått om ein hadde arbeidd aleine. For å seie det med eit reknestykke: Nok til salt i maten :­ 2 = ikkje nok til salt i maten.

Vakne lesarar vil her vêre at eg ikkje er samd i logikken bak dette reknestykket. Personleg erfaring tilseier at eit samarbeid gjort av to ikkje er lik same arbeid delt på to, men snarare to gongar innsatsen i same arbeid. Her finst ein meirverdi som ingen ser ut til å verdsette (1 + 1 = 3,5, ikkje sant?). Ein kan så klart meine at eg er urimeleg, kor skal liksom alle desse pengane til doble honorar per samarbeidsutgiving komme frå i ein pressa bokbransje? Eg veit ikkje, men eg veit at her er det nokon som nyt godt av eit utkomme (meirverdi! synergi!) som dei ikkje betalar for.

Og er det logisk eller for den del rimeleg at desse forfattarane, omsettarane og gjendiktarane skal inngå samarbeid for å bøte på bransjens manglar, og dermed i praksis halvere honoraret sitt? Det er mykje å forvente av desse, som kan halde opp døra eit augeblikk slik at ein annan også kan få bli med inn, men som òg er avhengig av å sjølv bli beden til neste fest, og som dessutan treng å få betalt nok til salt i maten. Det ser rett og slett ut til at det lønner seg å velje bort samarbeid.

Samarbeidsstrategien for mangfaldsauke verkar å henge i ein tynn og individavhengig tråd. Og her kjem det andre problemet, som heng saman med spørsmålet om det skapar varig endring. Det finst ein fare for at ein gløymer kven det er som får hjelp når ein baserer seg på slikt kom-innanfor-døra-du-òg-samarbeid. For utanforståande kan det verke som at den som blir med inn for første gong gjennom eit samarbeid, er ein som altså treng «hjelp», når det snarare er slik at ein del må overkompensere for i det heile å bli vurderte som verdige innpass. Poenget er: Ein må aldri miste av syne at det er bokbransjen som treng (og får) hjelp når ein nyttar denne strategien til mangfaldssiktemål. Gløymer allmennheita det, risikerer ein at samarbeid verkar mot si hensikt, og slett ikkje bidrar til noko varig endring i kven som får stå fremst i køen.

Samarbeid kan vere ulovleg

Snakkar ein om einsamt arbeid og om samarbeid, kjem ein dessutan ikkje utanom manusarbeidarane – språkvaskarar og korrekturlesarar som leverer kvalitetsarbeid til norske forlag for slikk og ingenting. For det er jo ikkje slik at forfattaren eller omsettaren står for alle dei gode vendingane heilt sjølv, som eit einsamt geni. Redaktørar så vel som manusarbeidarar har sine fingrar med i spelet, men berre éi av desse gruppene får ei lønn å leve av.

Å frilanse som manusarbeidar inneber å nå eit nytt nivå av einsemd. Du er ein satellitt som svevar i bane rundt forlaga og den redaksjonelle prosessen. Iblant får du lande, men så snart jobben er gjort, må du forlate planeten og flyge vidare. Nokre gongar veit du ikkje kor lenge du må drive rundt før du får lande igjen. Vil momentet rekke heilt fram til neste betlingsfrist for bustadlån, studielån og straumrekning? Vil maten måtte etast usalta?

Rundt deg ser du andre som òg svevar i bane, men du skal passe deg for å snakke med dei. Det er faktisk forbode å samarbeide med dei! Du har ikkje lov til å samle dei og seie: «Vi kan ikkje jobbe for så lite pengar.» I alle fall viss du legg til: «Vi må ta minst 450 kroner i timen! Einig?» Og får du eit rungande «JA!» tilbake, er det verkeleg krise. Grunnen til at dette er ulovleg, er at du som regel i denne situasjonen ikkje lenger er ein person, men eit føretak. Under kapitalismen vil eit slikt organisert forsøk – føretak imellom – på å auke honoraret kallast prissamarbeid. Og dét er ein type samarbeid som alle veit er ei skrekkeleg økokriminell handling.

Konkurranselova skil altså ikkje mellom dei som på urimeleg vis samarbeider om å drive prisane opp-opp-opp, mens hjelpelause kundar ikkje kan anna enn å betale, og lausarbeidarar som er einige om at no er det snart berre studentar og pensjonistar som kan koste på seg å jobbe for slike satsar. Om ulike føretak i same bransje snakkar pris og gjer avtalar seg imellom, er det kort og godt eit brotsverk.

På tide å faktisk samarbeide

Alle desse lærerike og meiningsfulle samarbeida mine har vekt meg frå den einsame skrivedvalen; eg har fått auga opp for samarbeidets meirverdi, men òg for at samarbeidets potensial ikkje blir verdsett av viktige portvaktarar i bransjen. Og det synest klart for meg at det ikkje held å basere seg på enkeltfrilansarars evne, lyst og moglegheit til å samarbeide for mangfaldsauke, eller at det skal stå på den enkelte manusarbeidaren å prøve å forhandle om høgare honorarsatsar.

Så apropos bransjens portvaktarar – eg synest eg ser eit par løysingar som ligg her og glimrar, som kan bøte på nokre av problema eg no har peika på: NO, DnF og NFFO bør ta eit krafttak for å få orden på satsane (normalkontrakt!) for desse andre typane manusarbeid enn forfattari og omsetting. Korrekturlesarane og språkvaskarane er sjanselause utan organisasjonane i ryggen, og mange som driv med språkvask og korrektur, er allereie medlemmar i desse organisasjonane, fordi dei òg verkar som omsettarar og forfattarar. Med andre ord vil eit slikt krafttak gagne medlemmar  i desse organisasjonane anten direkte ved at dei får betre arbeidsvilkår i form av ein leveleg minstesats, eller indirekte ved at omsettarane og forfattarane får tekstane sine språkvaska og korrekturlesne av frilanssatellittar som ikkje jobbar vettet av seg for småpengar, men som i staden ubekymra kan salte maten sin, og som dermed har overskot til å gjere jobben grundig og godt.

Arbeidslivsorganisasjonar som slost for fleire enn dei som allereie er inne, representerer i mine auge samarbeid av beste slag. Det er nemleg også i organisasjonane, og for så vidt òg i forlaga, at ein finn nøkkelen som kan låse opp ein del av potensialet som finst i samarbeid som strategi for auka mangfald. Slik eg ser det, bør NO og DnF vurdere å endre retningslinjene for opptak av nye medlemmar slik at dei som kjem inn i bransjen via samarbeid med andre, også skal kunne vurderast for medlemskap, mens NFFO bør gå eitt steg vidare, og byrje å tillegge samarbeid den fulle verdien det har, i staden for å rekne det som halvpartsarbeid. Det siste til inspirasjon for alle forlagsfolk.

Ida Hove Solberg (f. 1987) er ph.d i omsettingsvitskap. Hen frilansar som kritikar, gjendiktar og manusarbeidar.

BLA 6-7/2021.

Powered by Labrador CMS