Essay

Frå ein daud forfattars etterlatne sambygdingar

Arne Garborg var ein diktar og tenkar frå førre hundreårsskifte som var med på å utvikla og innføra mange av dei viktigaste europeiske straumdraga i åndslivet frå den tida til Noreg. No er han nærmast gløymt. Bortsett frå på Jæren, men her hugsar folk han på ein annan måte enn slik litteraturhistoria skriv om han. Dei hugsar han som ein av dei.

Publisert digitalt

BLA 1/19. 16.01.2019

Arne Garborg (1851-1924). Norsk forfattar og intellektuell, viktig for utbreiinga av landsmålet. Mest kjent for romanane Bondestudentar (1883) og Fred (1892), samt diktsyklusen Haugtussa (1895). Han er født og oppvaksen på Jæren, men forlét tidleg barndomsheimen for å bli forfattar. Heile livet bar han på ei skuldkjensle fordi han, som odelsgut, ikkje hadde tatt over garden, noko som truleg bidrog til at faren hans tok sitt eige liv. Garborg flytta aldri heim igjen, men kjøpte i 1899 Knudaheio, skrivestova hans på Jæren. 


Eg var aldri sikker på vegen her oppe, men fann alltid fram. Bilen køyrte fort, fortare enn vanleg, for ei uro prikka i barmen. Var det noko tids i dag?[i]

På avstand såg eg vindmøllene oppi fjella, roterande langsamt. Det var noko hengande over dei, det såg mest ut som dei stod med hovudet bøygd, kjente etter kvar vinden kom ifrå, snudde seg mot den, enda ein dag. Vindmøllene såg gamle ut, sjølv om dei var nye. Såg ut som installasjonar skapt av naturen sjølv. Såg ut som: store, audmjuke kjemper som vakta over gamle Jadar-land. Men trolltida var forbi, me stod att med rekker av roterande vindbladar, dei likna saktegåande, trauste menn, var like framande for augo som tusser og huldrer var før i tida.

Eg såg skiltet til gardsnummeret eg skulle til, eg hadde aldri vore der før men raste forbi garden hans. Fyrst måtte eg noko anna. Knudaheio fyrst, der fjellheimen byrja, der flatlandet slutta, opp til Arne Garborgs land.  Eg hadde vore der mange gonger før, på skuleturar og liknande, men aldri brydd meg noko særleg om Garborg, verken om bøkene eller lagnaden hans. For meg var han berre ein eller anna utilgjengeleg kanon, ein som alltid blei nemnt utan at eg eigentleg forstod kvifor, kva han stod for eller kva han hadde gjort. Men noko endra seg etter eg for eit år sidan flytta tilbake til Jæren. Eg forstod plutseleg at han, den daude diktaren, betydde noko for folk her. At litteraturen hans blei lest og verdsett, at livsvalga hans ga gjenklang og håp for jærbuen. Og ikkje minst fann eg ut at han framleis blei hugsa av folk, i alle fall av dei eldste. Og det var det eg ville finna no: dei siste minna etter han. 

Det regna tett og var grått, det gamle jærske regnet, det friske sjøregn, slik det hadde gjort i århundrer over dette lyng- og steinland. Eg nærma meg Høg-Jæren, det heilt andre Jæren. Her var ikkje steinane avrunda og mjuke som ved sjøkanten, her fantes ingen rullesteinar, berre kampesteinar, liggande på beitemark under sterkstraummastar, eg var mellom det flate og det høge no, her ein korkje liggar eller står. Så å seia. Med klar utsikt over morenesletta, heilt ned til havet, og det er då noko. Og det var da òg her skrivestova hans låg. Her satt han, her gjekk han med skyggelue og røykte tobakk – i ei spartansk hytte. Han høyrte fuglane, og fulgte stundom med på verda, stundom ikkje. Tok imot folk eller avviste dei.

Eg stansa ved ein snuplass for turistbussar. Kjem det verkeleg så mange opp hit? Eg gjekk ikkje ut av bilen, ikkje når tida var så knapp, prøvde å ta eit bilete med mobilen, sjekka biletet, det meste ein såg var vassdråpar på bilruta, men bak dette sløret, oppå ein steinknaus – det store hovudet til Arne Garborg som såg ut over landskapet, langt utover, til forsvinningspunktet i horisonten. Augo på statuen blei piska av regnet, var dei triste?

Dette var skrivestova som førte han heim. Her skreiv han om heimen han aldri fekk. «Kristiania var for fælt; småbyane var endå verre; heime på Jæren var der for tjukt med oftedøl – «kaninar», som de kallar dei no», skreiv han i boka Kolbotnbrev i 1890. Eg såg ingen kaninar, eg såg berre den gamle raude hytta hans som har betydd så mykje for jærbuane den siste tida. Han fann mellomvegen her, heime og ikkje heime på same tid. For hundre kroner fekk han seg dette stykke land. Heia til ein eller anna Knut, Garborg visste ikkje kven sitt land det var, men no var det hans. Her satt han og skreiv staden sin, den han hadde skrevet om så mange gonger før, om og om igjen. I Fred, i Haugstussa, Bondestudentar, Knudaheibrev, dagbøkene, alltid det same.

Til deg, du hei og bleike myr
med bukkeblad
der hegre stig og heilo flyr
eg gjev mitt kvad.

Eg kjenner deg, du trollheim grå
du skuggenatt!
Eg rømde redd; men stundom må
eg sjå deg att.[ii]

Det var noko med denne staden for han, og kanskje er det òg noko her for meg. Han måtte komme att, og sjå. Sjå kva slags stad det var, sjå korleis det hadde endra seg, sjå kva det var han var redd for. No var eg her. Eg satt i bilen og såg på eit altfor stort hovud av han. Kva gjorde eg her? Og kva i helvete er ein heilo?

*

Eg sette bilen i revers, rygga ut av snuplassen for å køyra tilbake til garden til Torstein Tunheim, ein av dei lokale garborgkjennarane. Klokka var eitt minutt på tolv, eg hadde avtalt å vera hjå han om mindre enn eitt minutt, og eg visste ikkje korleis nittiåringar forheld seg til avtaler, korleis skikk og bruk var før, på den tida som dei kanskje framleis forheld seg til, den tida som meste gjekk heilt tilbake til diktarens tid. Som alle andre var òg dei spedbarn ein gong, og prøvde, som alle, å kare seg fast til fortida. Som små raker kanskje, prøvde dei å halda seg fast, men noko greip fatt i dei, drog i dei, og dei små rakene fann ikkje noko å hekta seg fast ved, og som alltid blei dei dradd baklengs gjennom framtida – trettitalet, førtitalet, krigen, etterkrigstida, velferdsstatens tid, optimismen på åttitalet, kor langt skulle dei bli dradd? Og kvar var me no? Alt var som før, så handfast og ekte, framleis, men samstundes aner me at noko ulmar under overflata. Å sjå deg, sjå deg føre! Du hev så mørk ein veg.[iii] Snart skal ei ny myr blaute opp jordskorpa, me veit det alle, at den måten me lev på no, kan jorda ikkje lenger bæra.

Vindmøllene kjem ikkje til å stå for alltid, dei kjem til å falle, og ingen vil setta dei opp igjen. Der kjem dei til å bli liggande og rustne, sakte åte opp av den vasskalde myra.

Ein bil med ein gravemaskin på ein tilhengar bremsa meg. Eg såg på husa i svingen ned mot Undheims vesle sentrum, tenkte på det Pål Hovstad, ein bekjent av meg, sa ein gong: «Ja, eg bur på Onnai. Det siste huset til venstre før Knudaheio.» Eller var det til høgre? Eg måtte uansett ha køyrt forbi det no, det fantes knapt hus her. Hovstad var ein av grunnane til at eg nettopp var her no, for han sa at hans bestemor hugsa Garborg, ho sa at han var ein raring og alt det der, men ho meinte òg at folk likte han, at han var godt likt på bygda. Og at han gjekk rundt og myste mykje. Såg på ting og tang, og myste.

Det er minna, dei minna som er igjen etter den avdøyde forfattaren, det er dit eg vil. For dei lev vidare, og det er dei som avgjer kva slags betydning staden får vidare. Måten me ber minna på er måten me ber fortellingane om staden vår på.

Eg var over elva, forbi skiltet mot bygdemuseet, forbi det gamle handelslaget, forbi det nye handelslaget, nokre barn gjekk langs vegen. Idet eg kom ut av 40-sona raste eg vidare, forbi Tunheimsvegen, inn på tunet hans, såg to hus på ein gard, parkerte framfor det nærmaste. Gjekk ut, såg inn i huset om det var det rette, men korleis bedømmer ein det? Eg såg bakhovudet til ein gamal mann som satt på kjøkkenet, det kunne ikkje vera feil, tenkte eg, ringte på.

Etter ei stund opna han. Såg meg i augo.

«Om forlatelse. Eg gløymte det», var det fyrste han sa og tok meg i handa.

«Eg har gløymt det, eg beklagar.»

«Eg kan komma tilbake ein anna gong», svarte eg.

«Neida, kom inn, eg må berre opp og gjera meg klar», sa han.

Eg gjekk inn i entreen medan han forsvann opp trappa. Eg såg meg rundt, såg trappa, såg eit glimt av stova og ein sofa, det var noko mørkt over møblementet. På veggen i gangen såg eg eit teikna bilete av han. Og kongens fortenestemedalje innramma i glass, to stykker! Han var meir enn tre gonger eldre enn ein god venn av meg rakk å bli før han døydde, men òg han rakk å leva eit heilt liv på sine 26 år. Kor mange liv hadde denne karen eg no skulle møta levd? Berre eit? Han hadde levd eit heilt liv og levde det framleis, og i han levde dei gamle orda.

Han kom ned igjen. «Me går inn her. Beklagar at eg gløymte det.»

Me gjekk gjennom stova, satte oss i stolane, eg opna notatboka mi, og forklarte ærendet mitt.

Han reiste seg, rota litt rundt og satte seg igjen. I starten var det vanskeleg å få han i tale, det vil seia få han til å snakka om det eg ville. At det var hans forhold til Garborg eg ville snakka om, ikkje Garborg sjølv.

«Eg er ikkje den rette å snakka med. Du må snakka med Tora Aasland, tidlegare statsråd og fylkesmann. Ho heldt eit flott foredrag om kva Garborg hadde å bety for saksbehandlinga og samfunnsforvaltninga hennar. Ho bur nedpå Oma, ho må du snakka med, ikkje meg. Eller Tarald Oma, formann i Time historielag, ektemann hennar. Kvifor har Garborgsenteret sendt deg til meg? Det må du ikkje skriva, at det er dei som har sendt deg til meg.»

Men jo, akkurat det må eg skriva, tenkte eg, og det er akkurat til deg eg måtte komma, for den siste skal bli den første, den som ikkje trur han er det, han er det.

«Kva med Garborg, kva har han betydd for deg?»

«Garborg… For meg er det Knudaheibrev. Og ordet fred, det går igjen i heile diktinga hans, visste du det? Han har jo skrevet den romanen, men elles i diktinga òg, til og med gravsteinen hans slutta med fred, det må du ha med i boka di», sa han og siterte, nærmast med augo lukka, heile kvadet som stod på gravsteinen.
        

            Som ljoset hev den eine draum
            å brenna ned
            han helsa glad den skoddeflaum
            som gav han fred.

 

«Kven er Garborg for deg?»

«Det er noko med historia om Garborgheimen, du veit, han hadde skuldkjensle for at han ikkje tok over garden og bygde den opp, for at han ga den ifrå seg. Og faren som var sjuk og tok livet sitt…»

 Eg avbrøyt: «Var faren verkeleg sjuk?»

 «Ja, han sa så. Og kjenner du Sven Aarrestad? Han besøkte Garborg som liten og var venn med han. Han skreiv i eit brev seinare korleis det var. Far sette seg til bords, og den minste på halvtanna år måtte lese for maten, og så måtte alle lese, til slutt faren sjølv. Så ein gong til etter maten, det tok si tid. Dei måtte stå opp før dei andre og legga seg seinare for at faren skulle få det slik han ville.»

Torstein snakka. Plutseleg stoppa han opp, gjorde ein klypebevegelse i lufta, smilte lurt og sa «ssss». Så tok han meg i armen og sa han måtte gå.

Eg høyrte at han snakka med nokon på gangen, det var nok kona, for eg høyrte henne seia: «Eg? Kva skal eg snakka med han om?» Og han svarte: «Gå og snakk med han du, han er ein hyggeleg, ung forfattar som vil skriva om Garborg.»

Ho kom inn til meg, helste og eg fortalte om ærendet mitt. Men orda mine blei for store i dette rommet, for mange, dei skauv henne ifrå meg; det hyggelege og uhyggelege var to sider av same sak, eg kjente meg plutseleg som ein inntrengar.

Ho gjekk til omnen og la i nokre kubber ved, så satte ho seg i stolen og fortalte med ein gong om dei tinga som eg var interessert i. Ho skjøna godt kva eg ville vita, når alt kom til alt var det kanskje ho som var den varaste på garden?

«Garborg var pjuskete. Folk syntest ikkje om han her. Nei, det var fordi han var fritenkjar og sånn, folk held seg unna han. Men så skreiv han den bøna som blei så kjent, og etter det sendte konene frå Undheim ungane opp til han og inviterte han på mat.»

«Gjorde dei det?»

«Ja. Eg kan fortelja deg ei anna historie om han, den kan du ta med. Han dreiv og pusla på handelslaget og skulle ha eit brød. Men han var så beskjeden og visste ikkje korleis han skulle gå fram. Då ga dei han eit brød utan å pakka det inn, for dei syntest synd om han og trudde han var ein fant. Dei tutte det var godt at han skulle få noko å eta, heilt til dess nokon etterpå sa: Veit du kven du ga mat til no? Det var mange på den tid som ikkje visste kven han var. Han held seg for seg sjølv, han hadde hatt ein tung barndom.»

*

«Du må lesa eit brev som Garborg skreiv til far til Einar, ein venn av meg. Eg leitte etter det men fann det ikkje no.»

Torstein var kommen tilbake og kona forsvann ut av stova utan at eg merka det.

«Einar satt her i går, der du sitt no, og me snakka om Garborg. Han bur på Sæland og er 92 år. «Du Nabne», startar breva. Faren hans heiter Ådne, det sama som Garborg.»

«Kva sitter igjen hos deg når du tenker på Garborg?» spurte eg.

«Det som sitter igjen er løgnasen. Du veit, folk før var redde for han på grunn av fritenkninga. Men så skreiv han den bøna, den står i salmeboka i dag», sa han nett som kona akkurat hadde fortalt meg.

Og med det lukka han augo og siterte ei strofe av bøna, med ei innleving eg aldri hadde sett før. For aldri hadde eg sett ein så gamal mann snakke med så stor innleving før. Orda kom ut av munnen hans, men dei var som i evigheita allereie.

Å hjelp meg du som hjelpa kan! 
Du ser kor sårt eg strider. 
Mitt hjarta trøytt i tunge band
forutan von seg vrider. 
Mi naud er stor, min strid er fæl;
ver hjå meg du som vil meg vel![iv]

«Då den salma vart kjent tok dei han til sitt bryst og ba han til middag. Eg har høyrt det av mi bestemor, og mi mor, dei vaks opp på garden som stod der Knudaheio står no.»

«Kva? Var det dokkar gard?»

«Ja, men det var eit vanleg kjøp, heilt i orden det. Dei fortalte at han ikkje vart godteken her på grunn av at han var ein fritenkjar. Det var presteskapet på den tida, du veit korleis presteskapet styrte då, og folk tenkte sånn då. Han skriv det sjølv i bøkene sine.»

«Men kva med deg? Kva betyr Garborg for deg? Kva har han betydd for deg i livet?»

«Eg? Eg er ikkje så veldig djupe. For meg personleg er det Knudaheibrev som gjeld, og dagbøkene. Og Garborg i vår tid. Eg fekk ein gong ein posisjon i kommunen, og blei formidlar og guide, folk seier ofte at dei hugsar at dei hadde meg som guide på Knudaheio.»

Eg noterte, såg på han. Så sa han: «Me som har lese. Me skal ha liksom ein ring over hovudet, me skal forstå livet og kan finna trøyst i det. Og livet er ikkje enkelt, men kampen hans, fortvilelsen og saknet hans, det er som vårt. Og Fred, der er det noko som har festa seg i meg. Den boka har vore ein støttestav til å takla livet. Det er derfor den er så levande i dag. Me trenger litteraturen med oss i livet, den har gjort at eg har klart å takla livet betre. Og så føler eg litt samfunnsansvar òg, når eg høyrer folk som sitter her og seier at det ikkje er noko positivt i dag. Eg tenkjer: Du skulle ha sett den kampen Garborg og litteraturen har ført for oss.»

 «Kva tenkjer du om det å lesa litteratur?»

«Dei som har lese litteratur, dei er kanskje rikare. Nei, det går ikkje an å seia. Kva skal eg seia? Livet har vorte meir meiningsfullt når ein har litt kjennskap til tankane til Garborg, ja det er best å seia det sånn. Litteraturen har vore ein støttestav for meg, og har kanskje forma meg.»

Eg noterte, prøvde å kladda ned alt han sa, rasande, men handa var ikkje rask nok. Eg satte ring rundt støttestav og noterte meg at han syntest beskjeden, så omsorgsfull samstundes, redd for å sei noko som kunne såra andre. Her på Jæren, og i Noreg generelt, kan ein kanskje ikkje seia det, kanskje aldri få lov til å seia det, at ein blir eit betre menneske av å lesa god litteratur? Og kva tyder det å lesa bøker, når ein må leva ved sida av, når ein har ein gard å driva, barn å oppdra, kva betyr litteraturen i forhold til det?

«Har du tid til å venta til klokka eitt? Då kjem Tarald og Finn. Til historielaget. Og du må få snakka med Einar og lesa breva til far hans. Du kan avtala med han no.»

Han viste meg eit bilete av Einar Sæland i årboka til Time historielag frå 2017. Ein kulturberar på Sæland, stod det, lønna og prisa for innsatsen sin, og for å ha stilt Sælandsskogen til disposisjon for ålmenta. Far hans og Arne Garborg var venner, og begge hadde mista fedra sine i sjølvmord. Eg skulle til å spørja Torstein om dette, før han tok opp telefonen sin og sa: «Eg ringer han rett som det er.»

Etter ei stund med ringing byrja han å snakka.

«Du Einar, høyrar du kven det er? Takk for i går, då satt me her og snakka om Garborg. Og takk for sundag, men det har me allereie takka for. No skal du få høyra. Eg har ein kar her, ja, sittande i stolen. Forfattar frå Bryne, han sitt her og smiler og er valdsamt interessert i Garborg. Kan han få sjå breva til far din? Vil du snakka med han med ein gong?»

Torstein blunka til meg. Så noko nøling. Venting. Han smilte igjen. Venta.

«Du Einar. Han Torstein har ein idé. Vil du bli med til bygdamuseet klokka eitt? Me hentar deg halv eitt. Ja, då må du eta fort. Eg har heller ikkje ete enno i dag. Hentar deg om tretti minutt då. Ja, tenk øve det fyrst du.»

Så enda meir venting. Stemmer i telefonen. Så var det avtalt, me skulle henta han om ein halvtime.

Torstein reiste seg. «No har me dårleg tid. Mor! Kan eg få noko mat?»

 Kona hans svarte frå kjøkkenet.

 Han snudde seg mot meg.

 «Neida, eg åt før eg kom eg», sa eg.

Medan han åt kom kona inn igjen for å underhalde meg. Ho fortalte om kveldsete i Garborgheimen før i tida. Om garden deira, som ei av døtrene hadde overtatt, men akkurat no var det andre huset leid ut til rumenarar. «Men det er fine folk, det.»

Eg såg ut mot huset. Det var mørkt. Garborg vart kalla jærbu og europear. No var han daud og kva som blir igjen av Europa gjenstår å sjå, men akkurat no var det her Europa og Jæren møttest. Her, akkurat i det huset eg såg på, det gråe og mørke huset.

Torstein kom tilbake. Eg sa at eg hadde bil. «Ja, det er du som må køyra», sa han. «Til Sæland!»

Medan me kledde på oss peikte eg på kongens fortenestemedalje.

«Har du fått den to gonger?» spurte eg.

«Fortenestemedaljen kan du berre få ein gong i livet, den fekk eg av Harald. Av Olav fekk eg ei anna medalje for godt ungdomsarbeid. Det var stas, raud løper i aulaen. Eg kan fortelja deg om det sidan», sa han og tok på seg sixpencen, berre den, og gjekk ut. Han spratt mest inn i bilen.

Me køyrte ut av gardstunet, den vesle grusvegen mot riksvegen.

«Så rart det saltet eg strødde ser ut. Nei, ikkje saltet, men grusen.»

Grusvegen var full av lyse prikkar, små stjerner på noko av det traustaste som finst: ein grusveg. Då eg stoppa ved riksvegen, peikte han på eit kvitt hus.

«Ser du det huset der? Der var Arne Garborg ofte innom. Det budde ei Anna der, og ho var kjent for å laga god vin, så då drog Garborg stadig innom for å kjøpa.»

Me køyrte forbi Sælandsskogen, noko så sjeldsynt som ein lauvskog midt på Jæren der ein kan fiska ørret i Taksdalsvatnet, sove i telt oppi lia, eller bli tvungen med på skogstur av ivrige foreldre. Me kom til nokre vakre, nærmast idylliske gardstun med gamle, kvite hus med grastak.

«Han Einar var lenge ungkar, men var viden kjent i kommunen. No bur han her med kona, i ei av tuna der.»

Så dette var staden der Garborg ofte var innom for å treffa sin namnebror. Ådne og Ådne. Javel, javel. Klokka var 12:25. Eg ville gå ut av bilen.

«Nei, vent til ho er halv. Eg sa halv.»

Klokka blei to minuttar på halv. «Me må venta litt til.»

Eg såg mot huset. Ein gamal grunnmur av stein.

«Skal me berre venta?»

«Når klokka blir halv skal eg gå og ringa på.»

Det var berre eit minutt til.

Men no da? Like før klokka blei halv kom han gåande, ut frå huset og mot oss. Eg opna døra og helste på han.

«Er det du som skal køyra meg?»

Eg peika på baksetet der Torstein satt og vinka gjennom duggen på ruta. «Der er han jo», sa han og sette seg i framsetet.

«TT. Det er det eg kalla han. Eg kalla han eit anna kallenamn òg, og det sa han heller ikkje noko på, men eg seier det ikkje her», sa han medan eg køyrte ut av tunet.

«Høyr her, Einar», sa Torstein i baksetet. «Eg har gjort ein stor feil. Me er altfor tideleg ute, Tarald og Finn kjem ikkje før klokka eitt, så me må venta i bilen eller på handelslaget. Der har dei jo ein varm plass å vera.»

Han snakka til meg no: «Kven som helst kan opphalda seg der.»

På veg mot handelslaget spurte eg Einar om hans forhold til Garborg. Han snakka lågt, og for kvart ord ble det ennå lågare.

«HØGARE, EINAR!» ropte Torstein i baksetet og fortalte om prosjektet mitt, som ennå ikkje var blitt noko skikkeleg prosjekt. «Er det ikkje det med far din..? Og målrørsla, har ikkje du vore aktiv der?» Torstein gjorde jobben for meg, prøvde å finna beveggrunnar i Einar om kvifor han var så opptatt av Garborg.

Då me svinga inn mot Undheim sa Einar: «Eg har mest aldri snakka om Arne Garborg før. Ein gong blei eg invitert til å halda eit foredrag for pensjonistforeininga i Asker. Ein anna gong for pensjonistforeininga i Time. Du må snakka med han baki der».

«Men han baki der har jo sagt at eg skal snakka med deg.»

Me køyrte vidare.

Men så, på den korte strekninga gjennom sentrum av denne vesle bygda: «Soknepresten i Lista, han hadde mange kall, eit av dei var å vera prest der. Ei stund var Per Sivle der, og Arne Garborg òg. Garborg drog sin veg etter kort tid, men Sivle blei verande i fleire månader og tok seg av han. Han kunne blitt ein av dei heilt store, han Per Sivle. Men han klarte ikkje livet, det blei så mykje motgang. Det same skjedde med Tor Jonsson».

«Ja, eg kjenner til han», sa eg.

«Gjer du?»

Eg parkerte framfor handelslaget. Men me gjekk ikkje ut, Einar Sæland fortalte no, han snakka, og han snakka jamt, like jamt som regnet som fall på biltaket. Raskt dugga det på vindauga, som om me trengte det no, for å halda verda og tida me levde i ute ei stund.

«Det var på 70-årsfesten til Garborg. Far skreiv eit referat for Time mållag, og Arne Garborg likte det. Det var fest på Saron, og at attpåtil biskop Peter Hognestad heldt festtalen! Biskop Hognestad og Garborg var usamde i det meste, men dei sa det rett ut, og var venner likevel.»

Eg prøvde å stansa han. Sa at eg hadde notatboka mi i baksetet. «Eg må hente den, for eg må skriva dette ned!»

«Ja, no må du henta boka di, for no er Einar i gang», sa Torstein frå baksetet. 

Eg opna døra, såg rett på inngangen til handelslaget og skjønte plutseleg at eg var i ei anna verd, så framand det var her, men eg rakk ikkje å tenka meir, var allereie i bagasjerommet, grov fram notatboka mi, den eg måtte ha for å halda fast ved den gamle verda.

«Kva skal eg seia?», sa Einar då eg var tilbake. «Eg trur ikkje Arne Garborg ville likt at det var så mykje fokus på han som person. Han var taus og lite på seg sjølv. Arne Garborg var ein som ville ha fram det norske målet. Far og Garborg var på same side, begge var målfolk. Mållaget var ivrige på å grunnlegga landsgymnaset på Bryne. Far gjorde ein jobb for å få landsgymnaset dit, Arne Garborg òg, men Sem Sæland, onkelen min, gjekk imot far og Garborg.»

«Kvifor i all verda då?» spurte eg.

«Han var for landsgymnaset, men imot plassen. Han ville ha det meir sentralt og i ein av byane. Onkelen min la krans frå Time kommune på grava hans.»

«Kva med Garborg no? Kva vil bli ståande att av han til dei komande generasjonane?»

«Han er på eit høgpunkt no. Til og med ein frisørsalong på Bryne er oppkalla etter han og Hulda. Før såg folk skeivt på han, han var jo ein fritenkjar. Mora hans syntest ikkje om skrivinga hans. Ho hadde lest bøkene, men likte dei ikkje.»

«Kva med breva, trur du han her kan få lesa breva som Garborg skreiv til far din?» spurte TT.

«Eg har gitt dei til Garborgsenteret. Han døde jo i januar 1924. Han var sjuk i ein lang periode. Lungebetennelse. Hulda skreiv i dagboka at det såg ut som om han kom til å komma seg, men det gjorde han ikkje likevel. I jula 1923 skreiv han eit brev til far min, det siste brevet han skreiv til Jæren, antar eg, men eg veit ikkje sikkert. I alle fall eit av dei siste, skreve 22. eller 23. desember 1923. Og så skreiv han i dagboka om året som har vore. Farvel, skreiv han, så får me sjå om det kommande året vert likare. Så la han pennen ifrå seg og skreiv ikkje meir».

*

Då eg var åleine i bilen igjen, og på veg tilbake til Låg-Jæren, var eg usikker på kva eg hadde vore med på. Eg raste ikkje lenger, la knapt merke til kor sakte eg køyrte, låg bak ein traktor utan å ta forbi, fyrst då eg kom over Hauglandsåa nedpå Oma blei eg merksemd på køyringa mi. Traktoren tok av mot ein gard. Eg svinga gjennom det siste stykket av landevegen, langs steingardar og beitemark som framleis var grøne, sjølv om det var desember. Då eg køyrte inn mot Bryne kom eg til meg sjølv. Dei gamle minna hadde lagt seg som ei hinne på hjernen min, no løyste dei seg opp. For ei lita stund hadde eg fått tatt del i dei, blitt ein del av liva til dei gamle sambygdingane til Garborg, og sett spora etter den gamle diktaren rundt meg. No, i det eg nærma meg byggefelta på Bryne, fordampa det igjen. Ut av fortida, og inn i den tomme notida.

Takk til Torstein Tunheim og Einar Sæland for oppmøte og raus deling av erfaringar og kunnskap. Teksten blei trykka med tillating frå dei.

 


[i] Omskriving av eit utdrag av Arne Garborg: Haugtussa (1895)

[ii] Frå Arne Garborg: Haugtussa (1895)

[iii] Frå Arne Garborg: Haugtussa (1895)

[iv] Frå Arne Garborg: Haugtussa (1895)

Powered by Labrador CMS