Intervju

Walgermo-intervjuet

Alf Kjetil Walgermo var ferdig med sin «eksistensielle triologi» – ungdomsbøkene som handlar om å miste sin nærmaste, og kva tapa gjer med dei etterlatte sin gudstru. Då mista Walgermo sjølv eit barn, to dagar før terminen.

Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun
Publisert digitalt

Alf Kjetil Walgermo 

(f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Til dagleg jobbar Walgermo som kulturredaktør i Vårt Land. 

Det er byrjinga av november, og nesten nøyaktig to år sidan Tomine døydde. Tomine døydde i mors liv eit par dagar før termin. Sidan då har pappaen, Alf Kjetil Walgermo, sørga og streva med tvil og tru. Kvardagen pressar seg på, sjølv når noko slikt skjer, og i dag kjem Walgermo frå jobben i Vårt Land til ein kafé litt lenger bort i gata.

– Det hadde ikkje blitt ei større sorg om Tomine hadde døydd to dagar etter og ikkje to dagar før termin, seier Walgermo: – Det var viktig for oss å gi henne ei ordentleg gravferd sjølv om ho døydde før ho var fødd. Ein skal ikkje mange tiår attende i tid før det ikkje var noka markering. Ein snakka ikkje om slike dødsfall. Barnet blei berre lagt i ei ukjent grav. Pårørande fekk ikkje eingong vite kor dei låg. Vi er komne mykje lengre i dag. Det er større openheit kring å snakke om desse tinga.

Kring allehelgensdag snakka Walgermo i fleire medier, blant anna Dagbladet og TV 2, om tapet som han og kona, Tone, har lidd. Han nytta då høvet til å snakke om kristendommens tru på barnet. Det mørke og det lyse i det.

– Vi mista Tomine halvannan månad før jul. Og kva handlar jula om? Då kom eit barn, eit levande barn. Det er ei kjerneforteljing i kulturen vår. Vi tenkte på korleis Marias fødsel kan ha vore. Kanskje var det ein kjempehard fødsel. Kanskje gjekk det nokolunde greitt. Men ut kom det uansett eit levande barn som Maria fekk sveipe og legge i ei krybbe. Jula handlar om den gleda over å halde eit nytt liv i hendene. Ein merkar kanskje endå sterkare kva jula handlar om når ein har opplevd det motsette. Og Jesus veks til. Kva forkynner han? At Guds rike høyrer barna til. Jesus set barnet aller høgst. Det er ein veldig flott tanke. Det gir også eit håp om at Tomine no er i himmelen.

Ungdommen har stått i sentrum i Walgermos forfattarskap. Den skjønnlitterære debuten var ei kortprosasamling om Jesus, skriven for ungdommar. I Mestermøter sirklar Walgermo Jesus inn med å la bifigurane i Bibelen skildre sine møte med Jesus. Etter tre bøker med eksistensielle tema for unge menneske, går Walgermo i 2016 inn i dei siste fasene av arbeidet med storboka Røff guide til Bibelen. Sakprosaboka er eit analytisk arbeid som han gjer samtidig med å vente på sin andre dotter. Storesøster Sunniva er klar for å få ein baby i huset, ei veslesøster. Då skjer det som ikkje skal skje i Noreg, føregangslandet i perinatal medisin. Fosteret, som var fullt utvakse, som låg rett veg i mors liv og var klar til å bli fødd, mistar livet. Walgermo, som har skildra fiktive eksistensielle kriser, står i sin livs sorg. Så spør Samlaget om han vil skrive om nettopp det. Tvil og tru. Walgermo skriv bokessayet Du som er i himmelen. Boka går rett inn i kunstnarskapen hans. Volummessig er det hans minste bok. Likevel klarar den å samle mange trådar i Walgermos litteratur. Den handlar om det tyngste eit menneske vel kan erfare, å miste eit barn.

– Samlaget var i gang med prosjektet Norsk røyndom, og spurde meg om eg ville skrive noko om tru og tvil. Førespurnaden falt saman med at eg sjølv hadde behov for å skrive om dette. At Samlaget spurde meg, hjalp meg til å våge å skrive om sorg og tru. Det er litt skummelt å gi ut noko som er så personleg. Det er på sett og vis å blottlegge seg sjølv. Eg ransaka meg sjølv. Kva trur eg? Det er ein risiko i ei slik ransaking. Kva finn eg? Å feste ei slags tru til papiret er det også ein risiko ved. Eg tenkjer ikkje på tru som noko statisk. Trua er i rørsle gjennom livet. Ein trur på ulike måtar på ulike tidspunkt i livet. Eg prøver å ikkje ta trua for gitt. Å miste eit barn må vere noko av det verste ein kan oppleve som menneske. Ein får behov for å stille dei store spørsmåla heilt på nytt. Finst det ein Gud? Korleis kan Gud tillate seg slike meiningslause ting? Det ender til slutt i spørsmålet om det onde.

– Du skriv i boka om at Bibelen introduserer det onde sitt problem heilt frå starten av. Du minner oss om på om at ifølge Bibelen er vi alle etterkommarar av Kain, brodermordaren

– Ja, det begynte ganske tidleg. Men eg har komme til at alt ikkje er mørkt og svart. Eg har eit ganske lyst sinnelag, og trur at det bur mykje godt i menneska. Det er mykje kjærleik og håp, men det er også ganske mykje vondt. Uavhengig av menneska, så døyr eit barn i mors liv. Røff guide til Bibelen, som eg var midt oppe i då, var eit tøft prosjekt. Men det var hjelp i å arbeide med desse gamle tekstane. Mykje av bibelstoffet går inn i den same desperasjonen og det same mørkret som vi opplevde. Allereie frå Første Mosebok er det eit mørke som breier seg ut over verda. Forteljinga om Noahs ark, som ironisk nok er den mest populære forteljinga i søndagsskulen, er skikkeleg drøy. Den handlar om at Gud angrar på det han har skapt og utsletter så godt som alt. Berre ein familie og eit par av kvart dyr får overleve. Men i dette mørkret er det også lys som skin. Det første Gud seier i Bibelen er «Det skal bli lys». Heilt frå starten av er lys og mørker sentralt. Dikotomien går gjennom alle bøkene. Før Moses får buda, tar Gud kontakt med han gjennom ein brennande tornebusk. Så møter Moses Gud på fjellet, og Moses må ha eit slør framfor andletet når han vender attende til folket, fordi ansiktet lyser så sterkt. Lyset er viktig hos profetane, og det er der i Salmane. Så kjem vi til Det nye testamentet, og Jesus blir så å seie fødd i lys. Stjerna viser vegen. Dei mørke Betlehemsmarkane blir lyst opp av ein engleskare. «Eg er lyset i verda,» sa Jesus. I dette finst det eit håp, som eg kjente då eg jobba med Røff guide. Men så skjer det aller verste med oss, og eg lurer på om eg kan tru på det Bibelen seier om dette håpet. Klyngar eg meg til det for å få trøyst? Eg måtte vere heilt open med dei spørsmåla. Eg har ingen bevis for at Gud finst. Ingen menneske kan bevise det. Teoretisk sett kunne eg ha vippa ut på andre sida. «Nei, dette kan eg ikkje tru på.»

– Du konkluderer med at du trur. Trur på eit liv etter døden, til dømes.

– Nokre ville kanskje tenkje på det som ei enkel løysing. Å tru at det finst ein himmel. For min del er det ikkje så viktig å spekulere i kva som skjer etter døden. Men eg har ei tru på og eit håp om at Tomine har det godt.

– Er det enkelt å tru?

– Eg meiner ikkje sjølv at tru er ei enkel løysing. Det er iallfall ikkje enkelt for meg. Dei største teologane og filosofane i verda har jobba med desse spørsmåla i hundrevis og tusenvis av år. Augustin, som er ein av dei store tenkarane frå antikken, skreiv boka Bekjennelser frå ein avklart stad. Men han jobba og kjempa med desse spørsmåla heile livet. I Dostojevskijs Brødrene Karamasov kjem både det ateistiske og det kristne livsblikket fram, sjølv om eg i dag tenker at Ivans klagemål mot Gud har aller størst kraft. Lev Tolstoj hadde ein kristen oppvekst, men fell frå trua når han blir student og møter nye tankar. Så arbeider han likevel vidare med spørsmåla.

– Du har kvardagen din i redaksjonen til ei avis som har ein kristen verdiståstad. Gjer det det enklare for deg å halde samtalen med deg sjølv om tru og tvil levande?

– Mange års arbeid i Vårt Land har nok påverka meg på eitt eller anna vis. I den konkrete sorgsituasjonen vår trur eg likevel at eit viktigare rammeverk for dei tankane var Bibelen, og prosjektet med Røff guide til Bibelen. Når ein opplever ei så stor krise, så opplevde eg det som både utfordrande og givande å samtale med desse gamle tekstane. Dei hjelpte meg å bygge opp att språket på nytt. Det var underleg å stå midt i Bibelen, så å seie, då eg sjølv vart ramma av naud og desperasjon. Alt det Bibelen fortel om, rykte mykje nærmare.

Også før Tomine døydde, skreiv du bøker om unge som blei sjuke eller døydde, om meiningsløysa som dei pårørande kjente, og om tvilen på ein god Gud.

– Eg skreiv tre bøker som eg har tenkt på som «den eksistensielle triologien». Mor og far i himmelen handlar om ei jente som mistar foreldra sine. Også der tar eg opp det vondes problem. Ein gut i boka seier at han bestemt seg for at Gud ikkje finst. For det er verre med ein Gud som ikkje er god enn ein Gud som ikkje finst. Då eg skreiv Mitt bankande hjarte måtte eg finne den indre tenåringsjenta mi. Eg var oppteken av truverdet. At tankane, kjenslene og språket skulle vere som hos ein tenåring. Det er sju år siden den boka kom, men ho lever framleis. Seinast førveka var eg på Falturiltu-festivalen, der fleire skuleklassar hadde lese boka. Dei lagde talkshow, hadde produsert filmar utfrå boka og stilte meg detaljerte spørsmål. Ungdomsromanen Kjære søster kom i 2015. Denne handlar om ei søster som har mista veslesøstera si. Det var underleg å delta på sorggruppe i etterkant av Tomines død og sjå mi eiga bok stå som ressursmateriell i bokhylla.

– Det seier kanskje noko om kompleksiteten i sorga. Den er vanskeleg å bu seg på. I Kjære søster døyr ei jente – heilt i byrjinga av ungdommen sin. Storesøstera skriv ei form for gravskrift – på Facebook.

– Eg tok litt risiko med Kjære søster. På grunn av formen, eg trur det er den første norske ungdomsromanen som består utelukkande av Facebook-oppdateringar, risikerte eg at det fort kunne bli datert. Eg fann ut at det var nødvendig med eit språk som er meir litterært enn det som er vanleg for ungdommar i sosiale medium. Samtidig trur eg at somme femten-sekstenåringar kan skrive på denne måten, også på Instagram og Facebook. Eg jobba med den boka i fleire år. Det var eigentleg ei større forteljing rundt; ein forteljande roman som eg etter kvart berre reiv vekk. Den hadde gjort jobben sin som reisverk. Slik er det å skrive. Viss det ikkje blir bra nok, så … bort.

– Kanskje dukkar delar av det du fjerna opp att i andre prosjekt?

– I så fall som reisverk for eit nytt prosjekt. I den verkelege verda kan ein bruke reisverk om att, har eg høyrt. Ein må ikkje nødvendigvis destruere stillaset etter å ha bygd eit hus.

– Sånn som eg les ditt forfattarskap, så er det mange vidareføringar frå det eine til det andre prosjektet. Også i debuten din, Mestermøter, var det mange element av det som skal komme seinare.

Mestermøter var eit spennande prosjekt. Boka tar utgangspunkt i det vi utfrå Bibelen veit om enkeltpersonar som møtte Jesus. Eg skapte ei fiksjonsforteljing for kvar av desse. Alle forteljingane har ein knagg, eit utgangspunkt frå evangelia. Eg dikta vidare, og fekk hundre ulike blikk på Jesus. Nokre avviser han totalt. Andre svikter han. Nokre får livet snudd totalt. Eg går aldri rett til Jesus. Tanken var å skildre ein såpass spesiell person som ein som også var eit menneske der og då, ein som møtte andre menneske.

– Var det eit ambisiøst prosjekt?

– Ja, det er jo ambisiøst å skrive om Bibelen. Det er mange som har gjort det. Eg har sjølv vore med på å redigere ein antologi med dikt som har bibelvers som førelegg. Bibeldikt, saman med Jan Ove Ulstein. Forfattarar har ikkje vore redde for å gå i samtale med Bibelen. Den gode litteraturen er den som ein kan samale med. Ein kan framleis skrive seg opp imot den. Bibelen er verdslitteratur. Men eg vil ikkje stikke under ein stol at ikkje alle bøkene er like gode. Det finst knotete tekst der, og tørre passasjar. Ættelistene, til dømes, der lange livsløp blir summert opp i få setningar. Men nettopp i dette tørre ligg noko av det aller mest spennande. Det set ein i tankar på Dag Solstad sin telemarksroman. Det ligg mykje liknande i Bibelen, som stundom også liknar på den norrøne litteraturen. I ættelistene kan vi finne opptil fleire skandalar i slektsledda før Jesus.

Bibelen var den første klassikaren du eigde. Du fekk din eigen bibel, med gyldne aks, då du var sju år. Du skriv at du var stolt og glad. Kva betydde det å få den boka for at du har tatt litteratur som yrke?

– Eg trur at Bibelen er ein viktig grunn til at eg er blitt så glad i litteraturen som eg er. Du gir kanskje ikkje Don Quijote til ein sjuåring, men eg fekk Bibelen. Eg blei inkludert i den store litteraturen, wow, eg blei stolt. Det gav definitivt ein boost.

– Du sette deg ned og las, sju år gamal?

– Eg byrja på side ein, byrja med Første Mosebok og pløyde meg framover. Det gjekk lett først, med alle dei spennande forteljingane i starten. Men så kom lovverket. Då slo eg boka saman. Eg visste ikkje då at Bibelen var mange bøker i éi, og at det også går an å lese ei bok her og ei der.

– Bibelen er verdslitteratur, og fleire av våre forfattarkollegaer framsett Vårt Land som den beste litteraturavisa i landet. Er det ein samanheng?

– Vi har stor sjølvtillit på å dekke litteratur, og er glade for at fleire og fleire oppdagar det. Vi er opptekne av bøkene som tar fatt i eksistensielle problemstillingar. Det kjem nok av at Vårt Land har eit kristent verdigrunnlag. Vi har samtidig ei brei dekning, men vel bort det som er aller mest kommersielt. Vi går primært etter kvalitet.

– Som litteraturavis har de funne ei nisje – innanfor nisja til Vårt Land?

– Vi har jobba medvite med nisja. Aviser som tør gjere det, lukkast. Dei er smale, men får likevel formidla stoffet sitt til lesarar. Klassekampen har til dømes fått ein breiare lesarkrins dei seinare åra.

Vil de kjøpe «=Oslo»? Vi får besøk ved bordet. Walgermo vil kjøpe, med SMS. Seljaren vil vise han korleis det gjerast. Sånn, som sist? seier Walgermo. Hundre kroner, seier seljaren, og ser på den førre SMS’en som gjekk til 2160 frå Walgermos telefon. Det var vel juleheftet? seier seljaren. Snart er det jul igjen. Tid for å feire at babyar blir brakt fram. Nokre månadar etter at Tomine døydde, blei Walgermos kone, Tone Leksbø Walgermo, gravid igjen. Turde dei gle seg til å få eit nytt barn? Skulle Sunniva bli storesøster som fekk med seg eit levande barn heim?

– Sunniva var veldig klar for å få ein baby i huset. Då Tomine ikkje kom heim den gongen, var det ei stor sorg også for henne.

Så bryt vi opp. Kulturredaktøren i avisa har fått delegert bort ansvaret for å skrive dagens leiarartikkel, og har, om ikkje dagen fri, så iallfall høve til å gå litt tidlegare heim frå jobb. Det er ein av dei viktige dagane i året. Eldstedottera, som han sjølv seier, har fødselsdag. Ho fyller fire år i dag. Dei har feira Sunnivas bursdag kvart år, også då Tomine nettopp var død. Årets fest blir spesiell. For blant gjestane er veslebror Amund.

– Sunniva er ei veldig flink storesøster til Amund. Ho er svært omsorgsfull, og leikar mykje rolleleik, gjerne mamma. Det er mykje liv og latter i huset.

Powered by Labrador CMS