Intervju

Samtida saga i stykke

– Eg har tenkt at mi samtid alltid skal få lov til å prege mi skriving, seier Kristin Auestad Danielsen. I haust er ho aktuell med romanen Vår velse, og eit skodespel ved same namn som blir satt opp på Det Norske Teatret i september.

Foto: Dag Knudsen
Publisert digitalt

– Klassekampen har i den siste tida etterlyst meir graviditet- og barseltematikk i samtidslitteraturen. Dei meinte den er for skralt utforska. Men allereie i 2012 kom du med diktsamling Merk mine ord, åleinemor, som nettopp tek for seg dette. Har det noko for seg å koma med bestillingar til samtidslitteraturen?

– Eg syns ikkje 2012 er så lenge sidan. Du snakkar som om boka kom ut for evigheiter sidan. Media har kort hukommelse og hugsar ikkje alt alltid og bøker er ofte ferskvare og ein snakkar ofte om kva som er det aller siste tabuet. Som om tida skrell av tabu for tabu og til slutt er der ingenting igjen. Det kjem heile tida nye tabu som gjerne også er gamle tabu, ver du trygg. Det er så mykje som skjer heile tida og det er ikkje lett å få med seg alt. Kva tema som kjem opp som etterlysingar er kanskje ofte tilfeldigheiter og trendar. Kanskje journalistane har byrja å få barn og vil lese om det? Eg fekk barn og blei åleinemor då det krelte av nyfrelste Audun Lysbakken-fedre som tok ut pappaperm og ville gjere alt for babyen. Og var ein åleinemor, så var ein lukkeleg og inseminert! Ikkje trist og forlatt. Så gjekk eg der og stirra olmt på desse para. Så tenkte eg at eg kanskje heller skulle skrive om dette i staden for å gå rundt og vere sur på alle desse ufyselege para, der den eine trilla tom barnevogn medan den andre hadde avkommet i babysele for no ville han ikkje vere i vogna lenger. Ikkje at det gjorde at eg slutta å vere sur på nybakte foreldre som passa baby saman. Men eg begynte å skrive om det. Monica Isakstuen, trur eg, har sagt noko om at umoderne kjensler er godt stoff til litteratur. Og sånn hadde eg det. Eg følte meg umoderne i all mi usle åleinemorheit.  Og der var der mykje godt stoff. Så enkelt var det. Men det var ingen som etterlyste den boka. Karl Ove Knausgård sin Min Kamp prega meg. Kunne han skrive privat så kunne vel eg også gjere det.

– Mor- og graviditetstematikken kjem igjen i Vår vesle. Får du sagt noko anna i roman- eller skodespelform som du ikkje fekk sagt i diktform?

– Definitivt. Her skriv eg om ei dame som tar abort. Abort er veldig interessant og veldig vanleg og veldig tabu og veldig eksistensielt. For å seie det litt pompøst har eg gjort som Ibsen. Han skreiv Peer Gynt, så skreiv han Brand. To motpolar, som likevel kretsa rundt same tema. Han skreiv Et dukkehjem, så Gjengangere, med to karakterar som begge dealer med menns «fuck up», men vel to ulike vegar. Du spør etter form. Eg har ikkje tenkt at eg ville seie noko anna med romanen. Eg har ønska å få til å skrive ein roman ei stund. Og så pipla vel denne tematikken inn igjen.

– Dei psykologiske djupa i boka gjorde inntrykk på meg. Kva er det til dømes med foreldra i fyrste del? Dei verkar så grenselause. Det finst ikkje far og mor, berre eit altoppslukande vi. Omsorg blir overomsorg og endar i overskriding. Men Mari (hovudpersonen i boka) er kanskje så vand til det at ho liker det, sjølv om ho på eit anna plan ikkje likar det? Og sidan Mari sjølv aldri er forteljar i boka, så veit me jo ikkje kva ho treng og korleis ho eigentleg har det?

– Takk for det. Det var kjekt du syns eg fekk til karakterane. Eg las The Vegetarian av Han Kang i same periode som eg jobba med bestillingsverket eg fekk frå Det Norske Teatret. For Vår vesle blei skriven som teaterstykke. Eller eg skreiv litt i prosa først, og så laga eg eit stykke av det som har premiere i september på Det Norske. Det var jo det som sette dette i gang. Men tilbake til The Vegetarian som også kjem ut på norsk i haust. Ei fantastisk bok. Det handlar om ei dame som sluttar å ete kjøt og vi ser det frå ulike familiemedlem rundt ho. Eg er sterkt inspirert av den boka. Den er så vakker og intens. Den handlar mykje om sosiologiske og psykologiske mønster. Men den har også med noko anna. Det udefinerbare. Det vi ikkje veit noko om. Den er også fluffy. Og det likar eg. Les den!

– Tilbake til foreldra til Mari. Ja, eg er enig med deg. Dei elskar ho og dei er grenselause. Og her i denne romanen er dei eit vi. Og å vere eit vi kan kanskje gi deg uante krefter av og til. Dei er heilt samansveist. Samtidig er dei veldig sårbare i det samfunnet dei lever i. Dei er litt redde for å miste ansikt, trur eg. Korleis har vi det eigentleg? Sånn eigentleg? Vi er alle tvungne til å stå på utsida og tolke og skjøne våre nærmaste. Vere medmenneske. Hjelpe. Ta feil. Våre nærmaste kan vere store mysterium. Og takk og lov for det.

– Det finst fleire sosiologiske antydingar i romanen: Til dømes oljearbeidarane i Rogaland som får liva sine snudd på hovudet etter oljekrisa. Du tek også opp andre tema frå den politiske dagsorden; også i diktsamlinga Nynorsken blei du politisk. Kva betyr dei økonomiske og politiske rammene for skrivinga di?

–  22. juli kom inn i åleinemorboka, oljekrisa kom inn i Vår Vesle og målstrid kom inn i Nynorsken. Eg har tenkt at mi samtid alltid skal få lov til å prege mi skriving. Då eg jobba med Vår Vesle fall oljeprisen og tusenvis mista jobben. Far min og kjærasten min mista jobben. Eg såg korleis det prega ein region, men også korleis folk deala med det privat. Det var interessant. Eg hadde flytta heim til Rogaland. Og det var grusomt. Så mykje pengar. Så mykje status-jag og skam og alt er likevel så sårbart. Rogaland er ein svært litterær region. Mykje å ta tak i. Det var også ei utstilling på Stavanger Kunsthall i same perioden: «Hold stenhårdt fast på greia di». Fantastisk utstilling. Der gjekk eg rundt med mitt lille barn og såg på feministisk kunst frå syttitalet. Kunstverka var til meg og dotter mi. Det var som å kome heim. Så difor fekk Mari også lov til å vere ekspert på kunst i kvinnekampen. Og alt dette er også interessant viss ein ser på kjønnsroller. Mennene i mitt liv som mistar jobben i den skitne og vanlege og viktige oljebransjen. Og eg og mi dotter som går hand i hand og ser på feministisk kunst frå syttitalet. Det passar saman. Det er paradoksalt. Og då er det sant.

– Det har vore stille frå deg sidan du ga ut Merk mine ord, åleinemor i 2012. Har du gjort noko anna dei siste 6 åra utanom å skriva roman og skodespel?

–  Eg kan sikkert ramse opp ting eg har gjort på scene og utgjevingar. Det har vore ymse ting, men ja, det tok seks år. Eg fekk arbeidsstipend etter åleinemorboka og skulle skrive roman. Det gjekk skeis. Eg fekk ikkje skrivesperre. Eg fekk skrivefrykt. Skriveangst. Eg blei redd for å skrive. Det var frykteleg. Eg ville gjerne skrive, men eg orka ikkje skrive med blod og tårer. For det er åleinemor-boka skriven med. Blod og tårer. Og morsmelk. Og det er greitt å gjere det ein gong, men det går ikkje å halde på sånn, igjen og igjen. Ein skal jo leve også. Køyre ungen til turn.

– Og noko må ein leva av. Kjem du til å jobba meir med dramatikk eller anna skjønnlitterær skriving vidare?

– Eg held no på. Som eg har gjort i fjorten år. Det er berre å halde på. Sånn er det. Så får vi sjå kva det blir til.

– Siste del i romanen er fortalt frå synsvinkelen til bestemora og olde-embryoet hennar, som Mari aborterte bort. Er det ein himmel eller er det ein kommentar av noko slag?

– Eg er skikkeleg nøgd med olde-embryoet og verneengelen bestemor. DET er skikkeleg kult funne på! Eg er så stolt! Veit du kva, eg er veldig glad i psykologar og sosionomar, men sånne englar og himmel, og fluffy greier, det er også ganske kult. Når folk er i kriser, når folk ikkje veit kva dei skal gjere, så ber ein gjerne til Gud, eller ser ørnar på himmelen og duer på tak og raudstruper i treet. Vi leitar etter meining, leitar etter ein himmel. Og det er ein himmel i mi bok fordi eg ville ha håp, oppbyggelegheit, og ein god slutt, ikkje berre sitje hjå psykologen og jobbe med traumene der. I barnelitteraturen finst det eit Nangijala og hugsar du teikneserien Care Bears? Bjørnane i himmelen som hjalp folk på jorda? Eg likte å ha det med. Det passa godt til kvinnekampen og syttitalet. Samtid og det hinsidige side om side.

– Etter det eg har skjønt sluttar skodespelet mykje meir tragisk enn romanen. Og så skreiv du skodespelet før du skreiv romanen. Kvifor endra du det?

– Skodespelet blei skriven først. Og romanen blei skriven etterpå. Og dei er like og ulike. Og eg var streng med teatret. Dei ville lese romanen og eg nekta. Difor er skodespelet og romanen forskjellige. Eg insisterte på å skrive eit skodespel. Og så insisterte eg på å skrive ein roman. Og skilje dei to prosessane frå kvarandre. Det var viktig for meg. Ha kontroll over stoffet mitt. Då eg skulle skrive slutten på romanen fekk eg behov for at det gjekk bra til slutt. Eg ville ikkje at dette skulle gå dårleg. Eg trur vi treng slike romanar også. At ting ordnar seg. I skodespelet sluttar forteljinga på eit anna tidspunkt. Og difor blir kanskje stykket meir tragisk. Men i romanen går forteljinga vidare. Og då ordnar det seg.

Powered by Labrador CMS