Sakprosa

Å avkolonisere akademia

Tonje Vold presenterer inspirerande litteraturvitskapleg forsking – dessverre utan blikk for korleis omsetting påverkar linsa. Dessutan skjemmast boka av slett redaksjonelt arbeid.

Publisert digitalt

Tonje Vold
Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk
Sakprosa
Universitetsforlaget, 2019
461 sider

Debatten om avkolonisering av norsk akademia spora av nærmast i det han byrja. Idéen i seg sjølv møtte straks historielause tilsvar og uinteresserte eller fornærma avfeiingar. Dei som hadde eit kritisk blikk på pensum og kom med rettkomne forslag til revidering, vart skulda for å følge USA-amerikanske strøymingar snarare enn å tenke sjølv. Utan å gjere eit poeng utav det har Tonje Vold med Å lese verden skrive det som kanskje er årets viktigaste bidrag til denne debatten som ikkje blei noko særleg til debatt, ved at ho tar problemstillinga på alvor, skildrar den historiske bakgrunnen for behovet for avkolonisering av litteraturvitskapen, og viser veg med konkrete analysar av litterær transkulturasjon som del av eit avkoloniseringsprosjekt.

Det er i det heile ein sjeldan luksus å lese doggfrisk og tankevekkande forsking på det litterære feltet, som tar seg tid til sakte men sikkert å bygge eit reisverk klart til å bli kledd med nye tankar – og det på sitt eige morsmål. Sånn sett er Å lese verden av litteraturvitar Tonje Vold ei gåve. Her set Vold seg føre å identifisere nye brotlinjer i verda, som ein kan lese verdas litteraturar opp imot, og på sitt beste demonstrerer ho verdien av å tenke både om og med litteratur. Boka er eit særleg verdifullt bidrag i det at ho held fast ved at slik lesing og tenking må ha eit globalt perspektiv.

Økokritikk og menneskerettar

Over sju analysekapittel byr Vold på lesingar av eit stort utval litterære verk. Det overordna rammeverket er postkolonial litteraturteori, men Vold nyttar seg også av tilgrensande teoriar, slik som verdslitteraturteori og litteraturetiske rammeverk, som økokritikk og nyare perspektiv på litteratur og menneskerettar. Lesingane krev at ein legg frå seg den seigliva tanken om Europa som verdas (litterære) navle. Det er eit frigjerande utgangspunkt, og ikkje minst er det fagleg heilt på sin plass, da det opnar rommet for grundige litterære analysar av verk frå ulike delar av verda, her med hovudvekt på Afrika, Karibia og Skandinavia.

Det er ei stor styrke ved Å lese verden at Vold ser litteraturen gjennom ei linse der historiske og diakrone betraktningar bygger opp under analysar av både eldre tiders og samtidas verk, og ho regelrett briljerer når trådane blir trekte saman i siste kapittel. For der det er vanskeleg å peike på revolusjonerande enkeltlesingar eller individuelle poeng i denne boka, er det summen av dei godt over 450 sidene som er bokas klart største verdi, noko det siste kapittelet viser. Her tar Vold for seg Robinson Crusoe av Daniel Defoe, Mørkets hjerte av Joseph Conrad, Den afrikanske farm av Karen Blixen, Mønsteret rakner av Chinua Achebe, Vide Sargasso av Jean Rhys, Vanære av J.M. Coetzee og Decolonizing the Mind av Ngũgĩ wa Thiong’o. Alle desse verka går inn i dei transkontinentale lesingane elles i boka, men når ho kjem tilbake til dei her, analyserer ho dei i lys av dei nyare avgreiningane innom litteraturvitskapen: økokritikk og studium av litteratur og menneskerettar.

Vold viser korleis økokritikken kompletterer verdslitteraturteorien ved å vende blikket frå verd til planet og slik innlemme alt liv på kloden i analysen. Kombinasjonen av økokritikk og diskusjonar om menneskerettar – og spørsmål om kva som er eit menneske – er dessutan eit svært fruktbart fundament for desse lesingane. Ikkje berre gir det nye lag til allereie grundige analysar av makt og avmakt i desse verka, men Vold viser også med dette korleis lesingar av afrikansk litteratur gjennom desse linsene kan tilby nye premiss, og slik bidra til å vidareutvikle fleire av dei teoretiske perspektiva som boka gjer bruk av.

På vegen mot dette siste kapittelet har eg i blant kjensla av at Vold går overflatisk til verks før ho susar vidare, slik som når eit komplekst konsept som kreolisering blir brukt, men ikkje forklart eller diskutert noko vidare. For trass i at boka er svært omfattande (eller kanskje nettopp derfor?), kjennest det rett som det er som om ho stryk lett på overflata av dei mange og samanfletta temaa ho tar opp. Men kan hende er det feil av meg å lese dette som overflatisk; kan hende er det snarare ei naudsynt innforståttheit, som trengst for å bygge det store reisverket – som i sin tur lar Vold skrive fram dei overordna analysane.

Imperialisme og norsk sjølvforståing

Å lese verden er utvilsamt høgst relevant som prosjekt, med sitt mål om å skape ei meir global litteraturhistorie og eit meir globalt (eller planetært) utval av litteratur i undervisning og samtaler. Blant bokas mange viktige spørsmål som speler inn i debatten om avkolonialisering, vil eg trekke fram det om skjønnlitteraturen si rolle i imperialismen. Her går Vold all in og byr på sylskarpe interseksjonelle analysar av imperieblikk og etiske problemstillingar, knyter desse an til strøymingar i vår tid, lesingar av «klassikarar» og bringer på banen høgaktuelle spørsmål om norsk sjølvforståing og litteraturvitskapens rolle og relevans, oppbygging og nedslagsfelt – inkje mindre. Samtidig blir eg som omsettingsforskar forbløffa over blindflekken som omsetting viser seg å vere i denne miksen, men det skal eg komme tilbake til.

Det er i det heile inspirerande å lese med Vold sine auge, og sjå litteraturens verdi som kontaktflate og brytningspunkt mellom kulturar, tradisjonar og litteraturar, og ho imponerer stadig med elegante overgangar frå teoretiske refleksjonar til analysar av feltet og det rike utvalet verk. Mindre elegant synest det meg når lesaren blir sett i ein litt paradoksal posisjon, lokalt forankra i eit norsk, udefinert «vi», samtidig som forfattaren startar ballet med å snu om på «den vanlege» sjølvforståinga der det nasjonale «vi»-et er eit midtpunkt.

Det kan hende at å snakke til eit innforstått «vi» i denne samanhengen har noko fruktbart ved seg som eg ikkje ser, men eg trur ikkje det er ei naudsynt tiltaleform. «Vi»-et verkar også ekskluderande, og gjer boka såpass lokalt forankra at det tar bort noko av den allmenne krafta i lesingane, som eg trur med fordel kan la seg omsette og lesast utanfor dette «vi»-et. Vegen dit blir unødvendig lang med ei slik plassering av lesarane, og for å få fram poenget med å fri seg frå «den vanlege» sjølvforståinga, ville det vere nok at forfattaren sjølv plasserte seg der.

Å lese den omsette verda

Denne lesaren har sokke til livet ned i eige fag- og interessefelt: omsetting, makt, språk og ideologi. Les ein Å lese verden med den fløya av omsettingsvitskapens briller på, verkar Vold sine transnasjonale og transkontinentale lesingar brått halvtomme. For kvar einaste omsette bok som blir nemnd, spør eg meg: Kva slags bok var det som kom inn på den norske litterære marknaden i denne omsettinga? Kva slags tolking? For kva slags forlag? Kva slags formål? Kva slags lesarkrins? At dette er aspekt som er så godt som fråverande hos Vold, er vanskeleg å svelge. Eit eksempel: Snakkar vi framleis om den omsette versjonen, Hvite tenner, når spørsmålet om sosiolektar i Zadie Smiths White Teeth blir del av analysen? Kan sosiolektane vere dei same i desse to versjonane?

I Å lese verden er maktperspektivet i omsetting redusert til ei fotnote, bokstavleg talt. Vold forklarar at ho brukar skandinaviske versjonar der det finst, men at ho i eitt tilfelle vel å sjå bort frå den norske versjonen, fordi han «har oversett viktige elementer i originalen og forenklet teksten». Vold peikar da på at «Fristelsen til å tilpasse og forenkle vitner om at det er et maktaspekt også i oversettelsesvirksomhet.». Vold erkjenner også: «Uten oversettelser, begrenset verdenslesning». Men spørsmålet som ikkje blir stilt, er: Kva verdslesing får ein med desse omsettingane?

Trass anerkjenninga av maktaspektet ved omsetting, ser Vold stort sett bort i frå dette, eller utelet det frå analysen; dei elles grundige lesingane hennar manglar heilt enkelt tankar om tolking og makt i omsetting. Sånn sett skriv ho seg inn i tradisjonen som mellom andre Edward Said og fleire har fått kritikk for tidligare, nemleg at dei forskar på verdslitteratur med ein ganske så stor blindsone: Litterær omsetting skjer ikkje i eit kulturelt, estetisk, politisk, sosialt, ideologisk eller historisk vakuum, men inngår i ein samanheng og ein makt(u)balanse – ofte den same samanhengen som omsettarane finn seg i. Sistnemnde er nærmast usynlege i denne boka, som seier seg ha eit «ønske om å hylle oversettelsenes plass», og som knapt nemner ein einaste omsettar i litteraturlistene.

Tapte forbindelsar

«Omsetting» som metafor blir derimot hyppig brukt, men kva som ligg i metaforen, forblir implisitt. «Oversettelsen tilslørte dermed ulikhetene» står det ein stad. Det er snakk om metaforisk tyding, det gjeld korleis folkeslag frå ulike plassar vart omtala med same nemning og slik gjorde til «det same», i namngivarens auge. Nettopp dette skriv Gayatri Spivak (som Vold elles refererer ein del til) om i «The Politics of Translation» (1993), da med blikk på korleis litteraturar og litterære verk frå ulike stader i Sør blir omsette til engelsk på ein måte som gjer at dei i utgangspunktet svært ulike tekstane byrjar å likne kvarandre veldig. Parallellen mellom metaforisk «omsetting» og den konkrete tydinga verkar i mine auge å kunne gi lesingane eit nytt lag.

Gjennomgåande blir det referert til bøker med omsette og uomsette titlar om kvarandre, noko som sender signal om at forfattaren meiner det er det same om ein snakkar om den eine eller den andre. Frå eit omsettingsvitskapleg perspektiv ville ein seie at dette ikkje er same tekst. Kor ulike kjeldeteksten og omsettinga er, og på kva måte dei vil vere ulike, varierer, og er av interesse for lesingane. Når Vold seinare kjem tilbake til dette med litterær omsetting, er det i eit delkapittel som viser seg å eigentleg stort sett handle om kritikk av verdslitteraturfeltets manglande maktanalyse og postkoloniale perspektiv. Ein sit att med eit inntrykk av at omsettingsvitskapen ikkje har hatt nokon diskusjon om avkolonisering og globale maktubalansar (det har han sjølvsagt, mellom andre har nemnde Spivak skrive interessant om dette).

Det er klart at ein skal respektere dei avgrensingane som er gjorde i boka, men ein lesar som nærmar seg stoffet frå omsettingsvitskapleg hald, risikerer å stå att med kjensla av at det finst anna relevant forsking som hadde kunna utdjupe lesingane og bidra til dei litteraturteoretiske drøftingane. Kanskje må vi legge oss i selen for å bygge bru mellom felta?

Redaksjonell svikt

Å lese verden sine uttalte mål er uvanleg relevante, men den elles så kraftfulle boka mistar noko av denne krafta ved at ho får dårleg redaksjonell behandling. I blant er språket i overkant krunglete, og tidvis spør eg meg om vendingane er omsette frå engelsk eller fransk (på seg sjølv kjenner ein andre; vårt daglege fagspråk is what it is). Setningar som den følgande, byr nok dessutan truleg ikkje inn dei breie lag til å ta del i den litteraturvitskaplege samtalen:

«Mer enn et konkret spørsmål om slektskap berører problemstillingen hvordan identitet på alle kanter av havene er preget av verdenshistoriske politiske og kulturelle forhold, og berører i hvilken grad vi konfronterer en større historie i fortellingene om egen identitet.»

Sjølv om språkvaskebehovet i nokre tilfelle er så sterkt at det skuggar for bokas analysar, er språket i Å lese verden for det meste mykje betre enn det ein kan få inntrykk av utifrå eksemplet over. Eg er tilbøyeleg til å tru at det først og fremst er Vold si forteneste, og ikkje forlaget sin redaksjonelle innsats. Noko av grunnen til det, er at den redaksjonelle prosessen sviktar andre stader, til dømes når ei rekke feilstava namn ikkje har blitt retta opp. Chimamanda blir til Chimamondo, Chakravorty blir blanda saman med Chakrabarty, Lersand blir til Leraand, Meursault blir til Mersault, de Figueiredo til de Figuiredo, Quijano til Quaijano, Huggan til Haggan, Mphahlele til Mpahlehle, Damon til David, Mohsin til Moshin, Thiong’o til Thiongo, Gaakeer til Gaaker, Zeshan til Zeshvan.

Vidare blir ei lang rekke verk nemnde utan referanse i litteraturlistene som følger kvart kapittel. På det meste finn eg 33 referansar i teksten som manglar i referanselista. Det er stadig vekk diskrepans mellom årstala i den løpande teksten og dei i lista, og det kan sjå ut som om same verk blir referert til med fleire forskjellige årstal. I det heile er referanselistene så gjennomgåande unøyaktige at det går på truverdet laus. Her ser ein resultatet av at det ikkje lar seg gjere å leve av manusarbeid som språkvask og korrektur om arbeidet skal halde mål. Dette er eit svik mot lesarane så vel som forfattarane, og ikkje minst mot manusarbeidarar av alle slag, som lever i ei verd som ikkje går opp. La det derfor ikkje vere nokon tvil: Denne kritikken er retta mot ein bransje som systematisk underbetaler sine lausarbeidarar og utnyttar den prekære situasjonen dei er i.

Slik sett er dette også ein kritikk av Universitetsforlaget, som her leverer ganske så slett arbeid på ein front der akademikarar ikkje har råd til slurv. Korrekte referansar og referanselister er alfa og omega i ei verd der forskinga må streve meir enn nokon gong etter å vere reielege haldepunkt, all den tid «alternative fakta» blir klaska i bordet som om ingenting er sant eller riktig. Referanselista ikkje berre symboliserer, men er det etterprøvbare og det reielege. Som forfattar har den som skriv, alt å vinne på å vise kva ho har tenkt sjølv, og kven sine tankar ho byggar vidare på. Dette er Vold sjølvsagt klinkande klar på, og skriv at «jeg skylder alle forfatterne jeg refererer til stor takk». Når ho legg til at «Feil og mangler i teksten er selvsagt mine, alene», kan eg ikkje seie meg samd. Ansvaret for at den akademiske forfattaren skal stå på stø grunn, ligg hos forlaget – eit ansvar dei per no ikkje tar.

Like fullt imponerande

Det er irriterande å måtte legge så stor vekt på dette med redaksjonelle problem i omtalen av ei bok som denne, som har så mykje godt i seg. I Å lese verden byr Vold på nyanserte og mangefasetterte lesingar og rike overblikk, trekker trådar mellom ulike verk, sjangrar, tema, kampar, tider og delar av kontinenta og verda, og gir lesaren mange moglegheiter til nettopp å lese verda på nye måtar. Ho stiller viktige spørsmål, fleire enn det i dag finst gode svar på, og skriv da også: «Skjønnlitteratur gir ikke svar det kan settes to streker under, men beveger like fullt verden videre.» Ho veg ulike teoriar opp mot kvarandre, og finn fordelar ved dei, men òg aspekt der dei kjem til kort. Herifrå ligg vegen open for vidare samtale både i akademia og utanfor. Sjølv om boka hoppar over spørsmåla om språk, tolking og makt i omsetting, er ho eit svært velkomme og høgst imponerande stykke arbeid som har mykje å tilføre.

Ida Hove Solberg (f. 1987) er postdoktor ved Stockholms universitet og redaktør i Mellom – tidsskrift for omsett litteratur og litterær omsetting.

BLA 11-12/19. 4.12.2019.

Powered by Labrador CMS