Sakprosa

Med utsikt frå Saturn

Kva har Woolf og Oskeladden med kvarandre å gjere? Hilde Østby gir meining til eit hav av nye koplingar i "Kreativitet", ved å trekke på hjernevitskap og kreative menneskes erfaringar.

Publisert digitalt

Hilde Østby

Kreativitet. Hjernevitenskapen bak ideene og hvorfor dagdrømmerne skal redde verden

Sakprosa

Cappelen Damm, 2020

304 sider

Eg har eit bilde av Saturns ringar sett frå Saturn. Det er teikna på eit lite kort som høyrer til serien Merveilles du ciel, «himmelens vedunder». Eg har hatt det med meg overalt kor eg har budd sidan eg fann det ein vårdag i 2010. Det låg på bakken saman med anna rusk, på ein open plass i Toulouse, der det akkurat hadde vore marknad. Eg hadde tenkt meg på marknaden, men var ny i byen, gjekk meg bort og kom for seint. Dagen stod likevel i Oskeladdens namn. Eg hadde god tid, gjekk ein runde på plassen og plukka med meg to ting: eit rufsete omslag av ei Maigret-bok med bilde av forfattaren på (som eg seinare gjorde om til kjøleskapsmagnet; Simenon hadde nemleg eit perfekt‚ lurt smil bak pipa) og det vesle kortet med utsikt frå Saturn. Simenon veit eg ikkje kor er lenger. Kanskje heng han framleis på eit kjøleskap. Men Saturn har eg tatt med meg, kor enn eg har hamna.

Symbolet Saturn

Eg er ikkje eigentleg ei sånn som samlar på ting eller tilskriv objekt symbolverdi, og likevel har Saturn-bildet vore ei 7x10 cm stor kjelde til inspirasjon i 10 år. Kanskje har det å gjere med at eg var på mitt første utvekslingsopphald i eit anna land da eg fann det. Dette «på eventyr»-tankesettet kopla eg til bildet. Det minner meg på at noko vedunderleg kan skje. At ein kan ramle over noko som er verd å ta vare på, om ein har tid og er nysgjerrig. Det uplanlagte kan komme med gåver ein ikkje bad om. Og at det er mogleg å vere uredd, fordi det finst stjerner og planetar, og vi berre er små rørsler i eit uendeleg univers. Så kor farleg kan noko av det vi driv med, vere i det store og heile? Dessutan minner det meg på at det alltid finst andre perspektiv – bokstavleg tala.

Bildet, korleis det vart mitt, og kva eg lar det symbolisere, oppsummerer ein god del av det Hilde Østby trekker fram som kreativitetens føresetnader i si nyaste bok, Kreativitet. Hjernevitenskapen bak ideene og hvorfor dagdrømmerne skal redde verden. Det handlar om å ha tid og å gå seg vill. Å vandre retningslaust for så å kunne velje ei ny retning og skape nye hjernebanar. Det handlar om å vere open, nysgjerrig og uredd for å feile. Om å ta noko kjent – som bildet av himmelen, slik vi ser han kvar einaste dag frå jorda, og dei velkjende ringane til Saturn – og gjere nye koplingar. Og om «kva om»-tankane. Kva om ein stod på Saturn og såg opp på himmelen? Korleis ser han ut da? Korleis ser ringane ut derifrå? Annleistenking, ville Østby kalla denne nye koplinga. Annleistenkinga er ein avgjerande komponent i det vi kallar kreativitet.

Av Østby lærer eg at Saturn, i renessansen, da folk levde i «et halvt magisk univers», av alkymistar og astrologar vart sett på som «kunstnernes planet, skaperkraftens gud». Eit forunderleg samantreff. Og er det noko hjernen blir glad av, så er det å snappe opp mønster og samanhengar – vi føler noko stemmer, at ting fell på plass. Vi føler oss bra når vi får ein god idé eller løyser eit vanskeleg problem, forklarer Østby. Ho har tidlegare skrive Å dykke etter sjøhester. En bok om hukommelse saman med søstera si, nevropsykolog og novelleforfattar Ylva Østby, og har såleis eit glimrande utgangspunkt for å undersøke menneskehjernens kreative evner.

Eit kreativt overflødigheitshorn

Blant dei store spørsmåla i bokas første delar er: Korleis har ein sett på kreativitet i tidlegare tider? Kva veit vi om kreativitet i dag? Forskingsfeltet er i stadig vekst, og det må ha vore utfordrande å avgrense bokas nedslagsfelt. Kva kan ein eigentleg la vere å snakke om, når ein snakkar om kreativitet?

Det altomfattande ved menneskas kreativitet påverkar både forma og innhaldet. Temaa kjem flommande som frå eit kreativitetens overflødigheitshorn: historiske og notidige syn på kreativitet, kreativitetens beste og verste psykososiale kår, dagdrøymemodusens funksjon, verdi og utfordringar, kritikk av skolesystem og arbeidsliv, kunstig intelligens og maskinenes kreative potensial, eksempel på gode idéar, dårlege idéar og det avgjerande med god taiming. Østby tillet seg å følge etter den kvite kaninen ned i kaninholet, og temaa følger kvarandre som frie assosiasjonar – eit godt bilde på korleis hjernen jobbar kreativt. Boka er forresten spekka med referansar til Lewis Carrolls Alice i eventyrland. Kapitla er bygde opp kring karakterar og situasjonar frå forteljinga, med sitat og symbolske tolkingar: Den kvite kaninen representerer nysgjerrigheita. Filurkatten aha-opplevinga eller den gode idéen. Den raude dronninga den indre kritikaren.

Carroll er langt ifrå åleine som kulturelt referansepunkt. Her figurerer kreative sjeler frå fortid og samtid. Østbys metode er å kombinere formidling av vitskaplege arbeid med samtaler med menneske som lever av å vere kreative. Det boblar over av nye koplingar: mellom William Shakespeare og Maja Lunde, Virginia Woolf og Oskeladden, Mary Shellys Frankenstein og programmering. Kreativitet er i det heile ei uhyre lærerik bok. Ikkje i form av sjølvhjelp for å la kreativiteten blomstre (sjølv om ho til ein viss grad også er det), men fordi ho uredd lar tanken vandre og utforske romma som opnar seg: Ho eksemplifiserer i seg sjølv kreativitet. Metoden tillet Østby å stille dei store spørsmåla, og lesaren kan ikkje anna enn å bli med på ferda. Så sit ein plutseleg der og spør seg sjølv: Kva slags liv vil eg ha?

Eit underliggande mørke

Litt overraskande har boka gjennomgåande dystre undertonar. Døden som kreativ katalysator får mykje plass; Kreativitet er skrive i kjølvatnet av at forfattarens ven Vera Micaelsen, barne-TV-legenda som «er kreativitet, personifisert», gjekk bort. Boka tar dessutan for seg kreativitetens kår i vår del av verda, og det er ikkje glade tonar som akkompagnerer denne forteljinga. Skolenes rammer for barnas tenking framstår totalt hemmande for det kreative moduset, dagdrøymetilstanden; det finst ingen opne hav der hjernens alfabølger kan flyte fritt. Her skal det til ei kvar tid aktiviserast og utviklast. Å keie seg har gått av moten, og det er synd, for barn som keiar seg, får sjansen til å dagdrøyme. Østby skriv at dei da kan få vere opptatt med noko viktig: «De kan bearbeide informasjon og konsolidere minner, forstå seg selv og andre og kanskje til og med få noen gode ideer.»

Vaksenlivet byr heller ikkje på gode kår for menneskas kreative evner. Ja, vi må alle vere kreative i møte med livets utfordringar, men arbeidslivet legg generelt ikkje opp til kreativ utfalding. Tvert imot er det høge tempoet og stresstilstanden det set oss i, skadeleg for alt som har med kreativitet å gjere. Østby framhevar at nesten 70 % av innbyggarane i Noreg ønsker seg meir fritid i staden for meir lønn. Spørsmålet om kvile er politisk. Folk ønsker seg tid til å tenke, å vere saman og finne på ting. Å finne på ting er bra for oss, vi blir glade av det, og i det lange løp er det samfunnsnyttig at vi får gode idéar. Og likevel er det som regel verken tilrettelagt for eller godt betalt.

Her, ved dei gode idéane, kompletterast den dystre treklangen: Menneskas evne til å finne på ting har ført Tellus inn i antropocen, tidsalderen da menneska påverkar planeten meir enn omvendt, tidsalderen med eit vell av skuggesider. Klimaøydeleggingar, pandemiar og faren for atomkrig er berre nokre av dei. Samtidig er dette ei bok om håp: Østby peikar på moglegheita for at den same kreativiteten som har ført oss hit, kan finne løysingar på problema han har skapt. Det let kanskje vel optimistisk, men er det eitt bodskap Kreativitet held opp, er det at annleistenkingas potensial ikkje skal kimsast av. Moglegvis er det optimisme som trengst, no når mange har fått mykje tid på hendene, og må vere aleine med seg sjølv og sin eigen hjerne. Lat oss håpe det føder nye, gode idéar for framtida.

Ida Hove Solberg (f. 1987) er post-doktor i omsettingsvitskap ved Stockholms universitet, redaktør i tidsskriftet Mellom og kritikar i BLA.

BLA 5/20.

Powered by Labrador CMS