Kritikk

Å synleggjere det usynlege

I Nathalie Sarrautes debutbok Tropismer speler namnlause menneskes flyktige indre seg ut i sakte film, situasjon for situasjon, sett gjennom ei makrolinse prega av frykt.

Publisert digitalt

Alle levande organismar lever i samspel med omverda. Vi menneske både påverkar og blir påverka; vi set spor etter oss i golva vi går på, så vel som i folka vi møter eller berre passerer, og i plantar vi vatnar eller gløymer å vatne. Likeins ber vi i oss spor etter andre, etter hendingar og veksttilhøve. I botanikken kallast effekten av slike påverknadskrefter for tropismar, så som gravitropisme (tyngdekraft), tigmotropisme (berøring, som vind eller vatn) eller fototropisme (lys og mørke). Eit synleg og kjent eksempel på sistnemnde er solsikkas heliotropisme. Alle har sett solsikker som vender seg mot sola og følger ho gjennom dagen, lukkar seg om seg sjølv om kvelden, og tar fatt igjen neste dag, strekker seg etter strålane frå den store stjerna i Mjølkevegen. På fransk heiter solsikkene passande nok tournesol, av tourner (vende, snu, snurre) og sol (kort for soleil, sol).

Temaet som trengte seg på

Eg har ofte tenkt på solsikkene når våren kjem og solhungrige folk veltar ut av husa og flokkar til parkar, solveggar og benkar, der dei vender ansikta skrått opp mot sola med lukka auge og salige smil. Hos Nathalie Sarraute (1900–1999) er omsettinga av tropismar – frå å vere ein biologisk term til eit humanistisk spørsmål – langt meir subtil. Sarraute, denne russisk-franske sentrale figuren i moderne fransk litteratur, var frå første stund opptatt av korleis dei små, nær umerkelege påverknadene formar menneskesinn og -liv. Namnet hennar dukkar som regel opp i samband med den franske nyromanen, ei laust samansett idéretning meir enn noko anna, som dreidde seg om å endre litteraturens form for å komme vekk frå dei tradisjonelle rammene, finne nye måtar å skildre røynda på og andre tema å heftast ved. For Sarraute betydde dette å skrive fram effekten av desse humanistiske tropismane som tidlegare hadde stått i skuggen av ytre handling som det dramatiske dreiepunktet i eit kvart narrativ.

Tropismes (1939) var debutboka hennar, og ifølge Sarraute var dette byrjinga på ein forfattarskap som alltid skulle krinse kring dei indre dramaa meir enn dei ytre: «[Tropismes] var som den første kjelda, noko som kom ut, og som eg ikkje har klart å legge vekk sidan», sa ho i eit radiointervju med Viviane Forrester i 1977. Her kjem bilda, rytmen, temaa for forfattarskapen til syne for første gong. I same intervju blir det sagt at Sarraute søker «å synleggjere det usynlege», at det for ho er litteraturens oppgåve.

Tropismer inneheld 24 korttekstar som kvar skildrar eit eller fleire individ sine psykologiske rørsler i relasjon til påverknader dei ikkje kontrollerer. For å seie det med omsettar Elin Beate Tobiassen og utgivar Miriam Stendal Boulos si formulering frå etterodet omfattar Sarrautes tropismar «en sinnsbevegelse som kan være positivt eller negativt ladet […] utløst av en ekstern stimulus». Dette kan i sin tur vere «en dør som slår igjen, eller hvinet av en stol som sin blir skjøvet bortover gulvet, men oftest er den […] knyttet til en mellommenneskelig situasjon – den andres nærvær, en verbal ytring, et tilsynelatende harmløst ord eller et tonefall».

Karakterane er anonyme kva gjeld namn og stilling. I staden for å legge vekt på ytre trekk og situasjonsspesifikke replikkutvekslingar zoomar Sarraute rett inn på frykt, fryd og avsky i karakteranes inste. Enkelte tekstar framstår svært moderne, slik som korttekst nr. 15 som skildrar ein kvinneleg student som blir fanga i grepet til ein eldre ven av familien, og som slett ikkje fører ein samtale, men snarare verbalt overkøyrer ho til dei grader at ho opplever det heile som eit overgrep, samtidig som ho høfleg held ut til foreldra kjem og avbryt seansen. På den andre sida kjenner ein på tida som har gått, når ein les tekstar som nr. 13, der byens damer «i flere dager trålet forretningene for å finne ‘en liten sporty drakt’, i grov tweed med mønster», eller nr. 10, der dei går på tesalong og tompratar i timevis.

Eit fellestrekk for mange av karakterane er at dei kjenner ubehaget stige i møte med nettopp tomprat; intenst og langvarig fokus på uviktige småting kan bikke dei ut i ein psykologisk kamp der dei slåst mot sine vanlegvis undertrykte impulsar til å bryte opp på heilt upassande tidspunkt eller på upassande vis. På motsett side finn ein karakterar som sug livet ut av eit kvart intellektuelt emne ved å ause ut eiga interesse og tolking, slik at andre unngår å snakke om slikt med dei.

Når det stormar i menneskas indre

I det ovannemnde intervjuet festar Forrester seg ved Sarraute si evne til å skifte fokuset frå ytre handlingsdrama til det indre livet, til å vise at det skjer store hendingar «inne i kvar kropp, kvar eksistens, i kvart augeblikk og kvart sekund, og det i situasjonar som verkar heilt tilforlatelege». Men inni ein kan det altså likevel vere stormfullt, og det er inn hit, til dei metta og intense nærbilda – til protoplasmaet, den levande cellesubstansen – at Sarraute fører lesaren. Eitt eksempel der dette er særleg vellykka finn ein i nr. 23, der ein karakter lenge har oppfatta omverda som klisjéar ho er lei av frå første stund, men likevel:

«… litt etter litt gjorde en svakhet, en slapphet, en trang til å nærme seg dem, bli anerkjent av dem, at hun ble med dem i runddansen. […] Åh, så er vi da endelig samlet igjen, veloppdragne og greie oppfører vi oss slik foreldrene våre ville ha likt, nå er vi altså endelig her alle sammen, skikkelige, synger i kor som snille barn under oppsyn av en usynlig voksen, mens de går pent rundt i ring og holder hverandre trist og klamt i lankene.»

Slike fleirfaldige sidestilte nemningar som ein ser her («en svakhet, en slapphet, en trang»), er det flust av hos Sarraute. Same tekst innleiast til dømes slik: «de var ufyselige, de var platte, ordinære, uten personlighet, de var virkelig utdaterte, klisjeer som hun allerede hadde sett beskrevet overalt». Denne lesaren kan bli litt matt av slik insisterande stil, og set større pris på dei stadene i teksten der han flyt litt raskare fram, slik som i nr. 8, der eit lite barn si oppleving av å høyre om gamle menneske sin død, ispedd råd om trafikktryggleik, skildrast slik:

«En bløt og kveldende masse som han nådeløst ble presset til å innta, med mild og bestemt tvang, mens nesen hans ble knepet litt igjen for å få ham til å svelge, uten at han kunne sette seg til motverge – trengte inn i ham der han veloppdragen trippet av sted på de små føttene og lydig lot seg holde i hånden.»

Paradoksale vendingar som «mild og bestemt tvang» er ein annan gjengangar hos Sarraute, eksempelvis i nr. 10, der «sminken ga dem en hard glans, en livløs friskhet», eller i nr. 14, der nokon set opp eit «tåpelig, grusomt smil».

Leseopplevingas eigen tropisme

Førre gongen verket kom på norsk var i 1960, i Eivind Hauge si omsetting, da som del av Cappelens upopulære skrifter. Tobiassen og Boulos sitt etterord nemner ikkje den førre omsettinga og gir derfor heller inkje teikn til at motivasjonen for å gi ut verket på nytt har noko med Hauge sin versjon å gjere. Noko som tydeleg skil dei to utgåvene, er at nyomsettinga av Tropismer av i år kjem i ei tospråkleg utgåve, med parallelt oppsett av fransk og norsk tekst. Det inviterer til, for ikkje å seie pålegg lesaren, jamførande lesing. Ei slik lesing tar ikkje denne omtalen mål av seg å gjere, utover å merke seg at omsettinga til Sarraute-kjennaren Tobiassen er stødig og teksttru i både stil og verkemåte.

Ved sidan av milliardar av små og store dytt i ulike retningar, er bøkene vi vel å lese, også påverkarar i liva våre. Ei kvar leseoppleving speler inn i kven vi er, kva vi ser og korleis vi tolkar verkelege så vel som fiktive situasjonar og relasjonar vi inngår i. Jo større leseoppleving, jo djupare spor, moglegvis. Mange meiner òg at god kunst nettopp skal opne auga våre for nye perspektiv på det vande, slik at når vi forlèt det fiktive universet, ser vi verda kring oss med eit friskt blikk. Sarrautes debutbok har potensial til å gjere noko litt anna, nemleg å gjere synleg enkelte elles ignorerte mekanismar i den delen av verda som finn stad inni lesaren sjølv.

Nathalie Sarraute

Tropismer / Tropismes

Omsett av Elin Beate Tobiassen

Prosa

Stendal forlag, 2021

122 sider

Ida Hove Solberg (f. 1987) er ph.d. i omsettingsvitskap. Hen jobbar med kunstfaglege publikasjonar ved Nasjonalmuseet og frilansar som gjendiktar og kritikar.

BLA 10/21

Powered by Labrador CMS