Poetikk

Knölpålken bak blomstervasen

Eg er ein forfattar som skriv fram stoffet på sida av det som fyller verkelegheita, slik alle forfattarar gjer det, men eg vel ofte linjene «over der» eller «bak der», skriv Eirik Ingebrigtsen.

Foto: Forlaget Oktober.
Foto: Forlaget Oktober.
Publisert digitalt

1) Eg ventar på romanen. Og medan eg ventar, skriv eg på den same setninga i tanken, den same scenen om igjen, eg ser for meg ting knytt til denne scenen: Huset; eg veit ikkje fargen, det er oftast mørkt, eg ser det nedanfrå, det ruvar storbondsk der oppe, som om Trygve Gulbranssen har lest skissetanken min og oppjustert bygningsmassen med eikebord frå himmelriket trass gretne kommentarar frå Thomas Bernhard der borte i ørelappstolen. Låven; den er meir smålåten, bernhardsk-skakk, men vakker, slik dei fleste låvene eg legg merke til, i kulturlandskapet, er. Lyset; lyset frå låven, utan at eg heilt veit kva det lyset er eller skal vera, eller kor det kjem frå, er det i låven eller kjem det eit skin inn gluggane? Årstidene; dei skiftar, til no har vinteren dominert, men eg ser lange linjer i dette stoffet og trur at vinteren forsvinn og kjem tilbake ein og to gongar. Blodet i vegbanen; diskusjonen eg har gåande om blodet kjem frå eit vanleg eller meir uvanleg dyr, eg glisar mot det nazistiske, svenske villsvinet før eg føyser tanken vekk, men det er ikkje så langt unna, det merkar eg. Og vidare; alle kistene som står stabla utanfor sagbruket og ventar på å bli henta, utan at det har noko med blodet i vegbanen å gjera. Og så, inntil dette; eg ser for meg nokre personar knytt til scenen, ikkje for mange, dei er enno vage, det er heilt greitt, eg vender meg vekk frå denne scenen, eg kjem tilbake, eg skriv ikkje, men skrivearbeidet er likevel i gang.

2) På ein av Ivar Lo-Johansson og Harry Martinsson sine promenadar i Stockholm, slo Lo-Johansson fast at «litteraturen måste ta till knölpålken» (ein slags klubbe) og ikkje stå fram som «liberalism upplandad med estetisk vispgrädde», dette i kontrast til Martinssons draumerealisme, dikt vevd av nesler, blåveis, marianøkleblom: «Av alla blommorna vill jag väva min diktmatta», sa Martinsson (Författaren, Ivar Lo-Johansson, Bonniers 1976). Ei matte å gå på versus ei skjønn matte å sjå på. Eg, for min del, vil gjerne ha ei streit matte, gjerne gråblå, å gå på. Ekstra bra om det er plass til eit lite bord ved matta. Og på bordet, ein vakker blomstervase, gjerne med marianøkleblom.   

3) Eg er skutt ut av realisme-katapulten 2021, av levd liv, pandemiens andre år; romanen Sjøskade lansert utpå vinteren med stillstand og stiv heimekontorkropp før våren kom med stor bevegelse; den svarte labradortispa Moa henta i Levanger samtidig som flytteøskjene blei pakka. Det i noet altoppslukande ved å bera 12 kilo hund ned frå fjerde etasje for natt-toalett klokka 03 medan nettene er på det lysaste. Og etter flytting, oppussing; det genererer eit heilt eige språk, om nokon hadde transkribert samtalane eg hadde med Ingrid i den perioden (Oppussingssamtalane (arb.tittel), (forf.anm.)) hadde grunnlaget for ein særeigen parlør vore der. Eg åt ei skive ståande ved kjøkkenbenken og argumenterte for og imot okergulfargen «Marsala» før vi landa den fargen på eit stykke bevart panelvegg frå 1920. Eg er ein forfattar som skriv fram stoffet på sida av det som fyller verkelegheita, slik alle forfattarar gjer det, men eg vel ofte linjene «over der» eller «bak der», ikkje linjene som spring saman med det som skjer, og det skjer! 22. juli blir min første son (og tredje barn), Osvald, fødd, og det i noet altoppslukande blir meir intenst; det er ei glede og eg vel å ikkje vera bekymra då den svenske hjartespesialisten begynner å undersøka den to dagar gamle guten, rein rutine, seier han, lytta og sjå, og linjene er over, dei er bak, og eg veit ikkje om eg nokon gong treng eller vil skriva fram bilete av den solbrune handa til hjartespesialisten som kvilar mot sonen min sin lyseraude nyføddhud, men bilete finst, og no har eg skrive det! fort gjort som dei seier, og då eg vender tilbake til romanscenen, scenen som ikkje er ein tekst i samanheng, som ikkje sikkert er ein flik av romanen eingong, så er den solbrune handa og sonen min sin tynne hud over magen og brystet, heilt vekke.

4) Korleis, eller er det kvifor, skriva fiksjon når verkelegheita er så intens? Og triviell, potensielt flat. Loggete. Koronadagbokete. Er svaret å gå til Krigen på ny? Eg har vore der, men samtidig ikkje, berre heilt på sida, berre på trygg avstand, Kosovo har eit landskap som minnar meg om Norge, den etniske konflikten, uhyrleg og uforståeleg. Grunnar gode nok til å gå inn i det, slik eg gjorde det i romanen Kvit bok mørk vinter (2018). Er ein på sida av skrifta når ein diktar? Krigen sett herifrå, frå min lokasjon og min alder, er arven etter andre verdskrig. Sjølv bestemor Lisa ville sagt at krigen føregjekk der ute, på meir eller mindre trygg avstand, sjølv om nye sko til sonen eller ekte kaffi var leit å få tak i. Dei bomba Laksevåg og Holen skole medan ho sto bøygd over åkerlappen og «pitla potete» på Os, ho høyrde drønnet tre mil unna, 193 drepne medan potetene fylte bøtta. 61 av dei barn. Krigen fekk andlet i den 19-årige tyske soldaten som sto vakt nede i vegen ved bestemors hus, som fraus så fælt at dei inviterte han inn, han sto i stova med eit smilande andlet og tok av seg hjelmen slik at pappa og søskena kunne få prøva. Nokre minutt på sida av krigen før andletet blei alvorleg og han på ny tråkka ut i vinterkulden, redd for å bli ferska av øvstkommanderande, ein gjekk ikkje på besøk når det var krig. Denne vesle fliken av krigen, er full av sanning, verkelegheit. Ikkje min, men nærme. Eg kan dikta meg inn der.

5) I dagbøkene til Lars Norén skriv han fram ein espresso, eit møte klokka 11, kjøpet av nok ei ny skjorte, sushi med dottera, ein kvil, ein joggetur, raking av haustløv i Bryor, før refleksjonen rundt diktinga, skrivinga og lesinga kickar inn. Skrifta proppfull av emosjonar bak det praktiske, det andre, om ikkje i dikting så ved porten til diktinga, og han viser oss arbeidet. Skrivearbeidet har eit enormt «like før» og «rett etter». Ein skal ikkje kimsa av den verkelegheita akkurat der. Kjøp av fire liter mjølk eller ein samtale med ein overlege på geriatrisk avdeling. Bank, bank på skriftdøra. Men ikkje vend ryggen til det som gjer vondt eller er vanskeleg fordi det er meir enn fire liter mjølk i handlekorga å skriva fram. Ein pakke havrefras, ok, i påvente av diagnosen. Mia Berner hjelper oss å sjå Pentti Saarikoskis litteraturarbeid og liv på Tjörn gjennom det trivielle; den slitne mannen står bøygd over raka, det praktiske nesten umogleg for han, geniet treng ein liter vin før arbeidsmotoren er i gang, då kjem det dikt, då kan han gjendikta Sapfo eller Aristoteles (PS – Anteckningar från ett sorgeår, Raben & Sjögren, 1985)

6) Theodor W. Adorno skriv i Minima moralia (nr. 51, s. 109): «Bak speilet. – Skribentens første forsiktighetsregel: å se gjennom hver tekst, hvert stykke, hvert avsnitt med tanke på om det sentrale motivet trer tydelig nok fram. Den som vil uttrykke noe, er så beveget av det, at han lar seg rive med uten å reflektere over det. En er for nær intensjonen ‘i tankene’ og glemmer å si det en vil si.» Var det han som var Kill your darlings’ eigentlege far? Redigeringa er viktig. Fram til nytt nivå for teksten. Men at forfattaren er bevega hindrar ikkje at lesaren òg blir bevega. Og dei to blir det gjerne på forskjellige plassar i teksten.

Eirik Ingebrigtsen (f. 1975) debuterte med romanen Vesen i 2001, og har siden gitt ut en rekke til, seinest Sjøskade av i år.

BLA 10/21.

Powered by Labrador CMS