Dikt

Stillferdig opprørspoesi

I Nils-Øivind Haagensens nye diktsamling møtast det personlege, det poetiske og det politiske og blir til "Det uregjerlige" – ei samling tekstar som søker å forsvare dei svakaste mot maktmisbruk og fornedring.

Publisert digitalt

Nils-Øivind Haagensen
Det uregjerlige. Politiske dikt
Dikt
Forlaget Oktober, 2020
138 sider

Poesien og protesten er uløyseleg knytte saman, ifølge forlaget Oktobers presentasjon av diktsamlinga Det uregjerlige. Poesien går imot det rådande, det urettferdige. Poesien skal vere uregjerleg. Og det uregjerlege i Det uregjerlige er å alltid stille seg på sida til den svake parten. Nils-Øivind Haagensen skriv til samfunnet og til samtida, men òg til ettertida. Dikta er reaksjonar på hendingar og ytringar; dei er daterte, slik at dei for all tid vil kunne peike på og kommentere desse konkrete situasjonane som dei tar opp. Og diktar-eg-et leitar bakover: Kvifor har han denne tronga til å forsvare dei svakaste? Kanskje gjer han det fordi han sjølv som liten kid på fotballbanen alltid vart byta ut først, kanskje er det på grunn av arbeidarklassebakgrunnen, kanskje på grunn av at han høyrer til kunstnarstanden, som enkelte ministrar berre ikkje kan fordra. Uansett grunn er det vanskeleg å lese denne boka som noko anna enn eit standpunkt for hakkekyllingane blant oss.

Dikt til tida

Dikta er strukturerte i ei rørsle som sakte nærmar seg hendingane, slik at dei beveger seg frå ein observerande posisjon til ein posisjon der ein er i det som skjer, deltakande. En del av dei står i samanheng med sitat, gjerne noko ein stortingspolitikar har uttalt i tradisjonelle eller sosiale media. Andre igjen har titlar som klart og tydeleg plasserer dei i tilknyting til hendingar i verda. Dei er fulle av intertekstuelle trådar og namn på forfattarar, kunstnarar, politikarar, både samtidige og nokre som står utanfor tida, til dømes ved at ideane deira lever vidare. Enkelte dikt står på skuldrane til, eller er variasjonar over og assosiasjonar til, kjende tekstar, der nettopp slike tankar, ord og namn lever vidare. «Før ein krangel» er eitt døme. Det er òg høgdepunktet «Det er den einskilde draumen»:

«det er den einskilde draumen me ber på / at noko liberalistisk skal skje / at det må skje – / at sosialistane skal knusast / at sosialdemokratane skal knusast / at miljøposørane skal grusast / og formynderiet / og lisensen / og skatten / og du – / Jonas Gahr Bestefar – / alle skal ikkje med / alle kan ikkje det».

Det verkar naudsynt å hefte dikta til røynda på desse måtane, særleg dei som synest søke samanheng med ytringar i medielandskapet, som er så omskifteleg og flakkande at eg i mi lesing iblant måtte leite fram nyheitssakene på nett, for å vere sikker på at eg hekta dikta på rett sak. Dette er ein verdi ved dikta: Dei stoppar på denne måten tida, dveler ved desse hendingane og ytringane, desse augeblikka med politisk galskap eller skandale som elles forsvinn inn i gløymsla like fort som dei blir slått stort opp. Krigstypane må alltid vidare til neste sjokk, men desse dikta grip tak i dei, peikar på augeblikka, held dei opp og forsøker å gi ein respons – ein respons som for det meste maktar å løfte situasjonen og refleksjonane kring dei ut av tida, slik at dei kanskje overlever som dikt også i framtida.

Dette er dessutan ikkje berre dikt til overskriftene. Dei peikar like mykje på politikarutspel som (utruleg nok) ikkje blei overskrifter. Også desse held dikta opp og minner oss på og lar oss dvele ved kva det seier om samtida vår at desse utsegnene ikkje var nok til å skape regjeringskrise, slik som når Erna Solberg i samband med vinterens NAV-skandale meiner det er «dypt beklagelig at vi har dømt noen til fengsel når det er i strid med EU-regelverket». Er problemet verkeleg at dommane gjekk imot EU-regelverket? Eller er det at systemet er så dysfunksjonelt at ein risikerer å falle mellom to stolar og ikkje ha den minste sjanse til å lande på føtene?

Mens det i diktsamlinga som heilskap er ei rørsle mot deltaking, er det i dei einskilde dikta ei gjennomgåande rørsle fram og tilbake mellom det politiske og det personlege. Eg-et går stadig ut frå samtida og inn i si eiga historie, i alt frå barndom til arbeidsliv, peikar på situasjonar på mikronivå som kan fungere som parallellar til dei (stor­-)politiske hendingane, og spinn så vidare på tankane kring desse mellommenneskelege situasjonane, som igjen blenker tilbake til utgangspunktet for diktet. Dette er kanskje Haagensens største styrke, desse skildringane av dei nære situasjonane og samspelet mellom menneska, og komposisjonane som gjerne vil kaste nye både skuggar og lys frå dei personlege historiene og over på dei nasjonale politiske hendingane som er katalysatoren som fører diktar-eg-et bakover i minnet.

Oss, og den store samanhengen

Iblant verkar dessverre samanhengen mellom det personlege og det politiske litt banal og det heile står i fare for å bli eindimensjonalt. Er det verkeleg så enkelt som at det å bli «kasta ut / fra fest en gang» eller «byttet ut før / fem minutter var spilt» er det grunnlaget som skal til for å forstå utanforskap i samfunnet? Eg blir både dratt mot denne idéen og litt skuffa samtidig. På den eine sida er det jo oppløftande at det er mogleg å tolke si eiga historie på denne metaforiske måten, og der finne grunnlaget for å stille seg på den svake parten si side. Samtidig, om det å forstå kjensla av utanforskap i «små» situasjonar er nok til å skjøne og sympatisere med andre som fell utanfor i den store samanhengen, så hadde solidaritet nok vore ein allmenn verdi på eit heilt anna nivå enn det vi ser i vårt samfunn. Da er det meir vekt bak diktar-eg-et sin arbeidarklassebakgrunn, si klassereise og sin evne til å framleis tru på og forfekte solidaritet.

Det er ein vanskeleg kombinasjon, med desse store tankane, idéane og ideologiane og kampane på den eine sida, og dette kvardagslege (skrå-)blikket på den andre sida. På sitt beste er det finurleg, det går kanskje aldri heilt over i det mektige, men det kan sette våre «små» liv inn i dei store idéane si verd – men også motsett: gjere idéane si verd om til noko på nivå med det kvardagslege. Diktet «I år 2051» er eit godt eksempel på når det lykkast å sette det vesle inn i den store samanhengen, kvar enkelt si stemme inn i verda sin gang. «Tøffere og tydeligere» er eit eksempel på det motsette, der tvisten i slutten av diktet opplevast tvistete og konstruert. Eit tredje utfall kan ein finne i «Lette på trykket», der Haagensen oppnår god effekt når politikar-ord blir lagde i personleg-munn, og det lyser tullete! av heile situasjonen. Samtidig er det ikkje mykje tolkingsrom igjen etter dette, og det til den grad at ein kan merke at enkelte av dikta har hatt eit liv som vel-formulerte Facebook-statusar. Dei riktig gode dikta i samlinga er dei som gir lesaren rom til også å tenke sjølv, slik som bokas siste dikt, «Sånn!». Det er enkelt, opent – større en seg sjølv.

Samfunnets byggeklossar

Haagensen er framleis best når det kjem til dei nære ting. Han lykkast tidvis med å sette dei i relasjon til dei store hendingane og det kapitalistiske, patriarkalske, heteronormative, rasistiske systemet vi lever i, men den mellommenneskelege relasjonen er stadig sentral, og det analytiske blikket for relasjonanes sårbarheit og nyansar er sterkt. Hos Haagensen er samspelet mellom menneska nærmast porøst og samtidig vedvarande, for ikkje å seie slitesterkt på same tid. Kanskje ligg ein del av protesten her, i å insistere på den einskilde sitt liv som byggekloss i det vi kallar samfunn, og å peike på korleis makta nettopp veg tungt over livet til den som har minst eller på anna vis er utsett, eller utpeikt av makta som «fiende».

Eg veit ikkje om desse dikta er så uregjerlege, slik både tittelen og forlaget hevdar at dei er. Personleg kjenner eg meg godt og vel på linje med den som talar, og slett ikkje utfordra politisk. Om noko skulle eg nok ønske dei var meir uregjerlege. Samtidig finst det ein styrke i at desse dikta er så stillferdige; dei ropar ikkje opp, men talar stendig makta imot. Her finst mange godt plasserte spark til høgresida og regjeringa generelt, FrP spesielt, og ikkje minst gullkalven: New public management. Og det er det slett ikkje for mykje av i dagens poesi.

Ida Hove Solberg (f. 1987) er post-doktor ved Stockholms universitet og redaktør i tidsskriftet Mellom.

BLA 3/20.

Powered by Labrador CMS